Podkastepisode 8: Legg om trafikken ved Storavatnet

Frå helga av vert trafikken lagt om ved Storavatnet for dei som reiser til og frå Askøy. Korleis slår dette ut for trafikken til og frå Øygarden?

Kommunedirektør i Øygarden kommune, Johnny Breivik, har invitert prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes, som gjest i episode åtte i podkasten Rådhuset. Ho fortel både om omlegginga ved Storavatnet og gjev oss status for arbeidet med Sotrasambandet. Det viktigaste bidraget til god trafikkflyt, er færre personbilar på vegen.

- Endringa gjeld ikkje for trafikken til og frå Øygarden. Men alle vil merka endringa, særleg i starten. Vi er avhengige av at bilistane viser omsyn til kollektivtrafikken. Gå inn på heimesida til Øygarden kommune og finn gode forslag til kva du kan gjera for å få god trafikkflyt, seier prosjektleiaren.