Planlegg de bryllup?

4 Brudepar. 2jpg.jpg - Klikk for stort bilete Vi ynskjer velkommen til vigsling i Øygarden kommune. Kommunane har ansvar for gjennomføring av borgarlege vigsel i Noreg. Dei som har vigselsmynde er Ordførar og andre politikarar eller tilsette i administrasjonen som kommunestyret har gitt vigselsmynde.

Informasjon om borgarleg vigsel i Øygarden kommune:


Øygarden kommune har følgjande vigslarar:Vigsling i Øygarden rådhus - Klikk for stort bileteVigsling i Øygarden rådhus

 

 

  • Ordførar Børge Haugetun
  • Politikar Aud Karin Oen
  • Politikar Espen Harkestad
  • Rådmann Siri Fahlvik Pettersen
  • Kulturleiar Christel Møvik-Olsen

Prøvingsattest

For å gifte seg i Noreg, må det først vurderast om vilkåra for ekteskap er oppfylt. Dette vert kalla prøving av ekteskapsvilkåra, og vert gjort av folkeregisteret ved dykkar regionale skattekontor.
På bakgrunn av prøvinga vil folkeregisteret kunne gje ein prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månader frå den er utstedt. Meir informasjon om "Vegen til ekteskap - steg for steg" finn du på www.skatteetaten.no 
Dersom du får tilsendt prøvingsattesten viabrevpost frå Skatteetaten, skal  originalen leverast inn til kommunen ved bestilling av vigselstidspunkt.

Digital prøvingsattest
No kan de og logge dykk inn og søkje om prøvingsattesten digitalt.

Når saka er ferdig handsama hos skatteetaten, vil de få melding om å logge dykk inn i Altinn for å lasta ned prøvingsattesten som stadfestar at de kan gifte dykk. Altinn er kryptert ende til ende. Difor er dette ein sikker kommunikasjonskanal.
Ved bruk av digital prøvingsattest, vel brudedeparet sjølve korleis dei vil vidareformidla attesten til vigslar i kommunen.Enten via trygg, kryptert e-post i Altinn, vanleg brev eller med personleg oppmøte på Servicetorget på Rong.

Korleis bestille tid for vigsel

De kan bestille tid for vigsel når de har motteke original prøvingsattest frå folkeregisteret. De kan då levere inn prøvingsattesten på Servicetorget i Øygarden kommune, og samstundes bestille tid for seremoni. De kan også sende original prøvingsattest til Servicetorget i Øygarden kommune pr. post eller via Altinn, men de må då legge ved følgjebrev der de skriv kva dato de ynskjer å gifte dykk.

Kor raskt kan vi gifte oss etter å ha levert original prøvingsattest?

De kan tidlegast gifte dykk ei veke etter at vi har motteke prøvingsattesten. Vi reserverer ikkje tid før vi har motteke original attest. Attesten må vere gyldig på tidspunktet for vigsel.

På kva dagar kan vi gifte oss?

Øygarden kommune gjennomfører vigsler siste fredag i månaden mellom kl. 13.00 og 15.00, samt påfølgjande laurdag. Laurdagen vert tidspunktet for vigsling fastsett i samråd med brudefolket.

Kvar held Øygarden kommune vigsler?

Øygarden kommune held vigsler i kommunestyresalen på rådhuset. Det er god plass til ca 40 personer, dersom det er ynskjeleg å invitere gjester med. Dersom det er ynskje om å gjennomføre vigslinga andre stader enn på rådhuset, må dette  avtalast i god tid på førehand. Brudeparet må sjølve bera kostnadar med evt. utgifter som kjem til ved vigsling andre stader enn på rådhuset.

Parkering

Parkering for brudepar og gjester er ved rådhuset, samt ved nedkjørsel til rådhuset.  

Kva kostar det å gifte seg?

Tilbodet er gratis dersom ein av dykk bur i Øygarden kommune. Dette gjeld sjølv om de for tida er busett i utlandet. Dersom de ikkje bur fast i Øygarden kommunen, men likevel ynskjer å gifte dykk her, kan det medføre ein liten kostnad. Dette får de orientering om når de tek kontakt med kommunen.

Brudepar som ynskjer å gifte seg andre plassar i kommunen etter avtale, må sjølve bera kostnadar med evt. utgifter som kjem til ved leige av andre lokaler, køyring m.v.

Krav til dokumentasjon:

Legitimasjon:

Legitimasjon må visast fram på vigselsdagen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilde og personnummer. Asylsøkjarbevis vert ikkje godteke som legitimasjon.

Prøvingsattest:

Original prøvingsattest må sendast inn / leverast inn samstundes med bestilling av seremoni. Attesten må ikkje vere eldre enn 4 månadar og gyldig den dagen du gifter deg.

Særskild for utanlandske statsborgarar:

Dokumentasjon på lovleg opphald i Noreg:
Alle utanlandske statsborgarar, med unntak av nordiske borgarar, må dokumentere lovleg opphald i Noreg på vigselstidspunktet. Dette vert gjort ved innlevering/innsending av prøvingsattest.

Korleis  føregår seremonien?

Frammøte:

Paret, forlovarane og evt. gjester må møte opp i god tid før avtalt tidspunkt for vigsel (min.10  min).
Paret må vise fram gyldig legitimasjon før seremonien starter. Seremonien vert ikkje gjennomført uten framsyning av legitimasjon.

Vitne:

To vitne må vere tilstades under seremonien. Det kan vere forlovarar eller to andre myndige personar. Desse må og syne fram legitimasjon.

Språk:

Det kan på førehand gjerast avtale om at vigselen skal gjennomførast på engelsk. Dersom paret verken forstår norsk eller engelsk, må paret sjølv ta med kvalifisert tolk.

Seremonien:

Det er sett av ca 15 – 20 minutt til kvart par. Under seremonien vert formular for borgarleg vigsel lese opp. Paret vert så spurd om dei vil ha kvarandre til ektefellar.Til slutt underteiknar paret, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.Du finn vigslingsteksten her (PDF, 69 kB)

Ringar:

Det er mogleg å sette på ringar under seremonien. Ver vennleg å gje beskjed om dette til vigslaren før seremonien startar.

Kunstnariske innslag:

Sermonien kan gjerne inkludere musikk eller diktlesing etter eige ynskje. De kan også ta med eigne instrument eller  cd-spelar. Dersom de ynskjer andre innslag må dette avtalast på førehand.

Fotografering:

Fotografering og filming under og etter sermonien skjer etter eige ynskje.

Kjønnsnøytral ekteskapslov

I januar 2009 fekk Noreg kjønnsnøytral ekteskapslov. Det inneber at personar av same kjønn kan gifte seg. Tidlegare inngått partnarskap kan gjerast om til ekteskap ved søknad til folkeregisteret.(www.skatteetaten.no/no/person/folkeregister/ )

For ytterlegare informasjon, kontakt Servicetorget, tlf. 56 38 20 00.

E-post:postmottak@oygarden.kommune.no
Besøks - og postadresse: Øygarden kommune, rådhuset, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 14.08.2018
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)