Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Plan for gradvis gjenopning

Den 7. april presenterte regjeringa plan for gradvis gjenopning av samfunnet. Planen tek utgangspunkt i det som var tiltaksnivået før 25. mars.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll.   

Det vert lagt opp til trinnvis nedtrapping av dei nasjonale tiltaka. Planen skal vurderast på nytt i juni eller tidlegare. Første av fire trinn startar opp når epidemien er under kontroll. Som hovudregel vil ein venta tre veker får ein går til neste trinn.

Trinn eín er å koma tilbake til tiltaksnivået før 25. mars. Trinn to kan starta opp innan slutten av mai.

Regjeringa legg opp til at ein sjå på resultatet av kvart trinn før ein går til neste trinn. Tre hovudområde vert vurdert ved gjenopning:

  • Utvikling i smittesituasjonen.
  • Kapasitet i helsetenesta.
  • Kor mange som er vaksinerte.    

Her er informasjon om kva tiltak som vert letta på i de ulike trinna (pdf)

Her er informasjon om smitteverntiltaka som vart innførte 25. mars.

Tekst og foto: Vigleik Brekke