Permanent flyforbodssone over Sture og Kollsnes

Luftfartstilsynet har vedteke å oppretta permanente restriksjonsområde over Stureterminalen og Kollsnes. 

Kollsnesanlegget - Klikk for stort bileteKollsnesanlegget Equinor


Dette er gjort etter at Equinor har søkt om permanent flyforbodssone over Stureterminalen og utviding av den eksisterande flyforbodssona over Kollsnes prosessanlegg. 

Bakgrunnen for oppretting og utviding av restriksjonsområde er dei risikofaktorar bemanna og ubemanna luftfart kan utgjera ved desse anlegga.  

Equinor opplyser at det kan førekoma fakling for å brenna av gass i prosessystema i samband med vedlikehald samt eit naudsystem for trykkavlastning av anlegget ved eventuelle driftsavvik. Fakkelen er normalt sløkt, men antenna utan forvarsel og dermed utgjera ei fare  for lufttrafikk i nærleiken. 

Auka aktivitet med ubemanna luftfartøy/dronar ved olje- og gassanlegg offshore og på land har medført eit behov for å sikra at uvedkomande ikkje skal få tilgang til å observera, innhenta informasjon eller på annen måte trua tryggleiken i nærleiken av viktige nasjonale anlegg for ilandføring, prosessering og eksport av olje- og gass i Noreg.