Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Påbod om munnbind og registrering av gjester på serveringsstader

Frå og med måndag 22. november har det vore påbod om munnbind og registrering av gjester på serveringsstader i Øygarden og dei andre kommunane i bergensområdet. Bakgrunnen for dette er at talet på koronasmitta har auka kraftig i regionen den siste tida og auka presset på helsetenesta.

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik

Øygarden kommune har innført ei lokal forskrift om påbod om bruk av munnbind og registrering av gjester på serverings- og utestader.

Munnbind

Frå og med måndag 22. november kl. 00.00 vert det innført forskrift med påbod om bruk av munnbind på offentlege stader der det ikkje er mogleg å halda avstand på minst eín meter ut over kortvarige passeringar og til andre enn husstandsmedlemer. Dette gjeld i butikkar, fellesareal i kjøpesenter, i kollektivtrafikken, innandørs stasjonsområde og når ein tek drosje.

Krav om å bruka munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruka munnbind.

Det vert vidare tilrådd å bruka munnbind også på andre offentlege stader der det ikkje er mogleg å halda avstand på minst eín meter.

Registrering av gjester

Forskrifta pålegg også skjenkestader, restaurantar, kantiner og andre serveringsstader å føra oversikt over gjester. Namn og telefonnummer skal registrerast, samt tidspunkt og dato for besøket.

Gjester skal informerast om at det vert laga ei oversikt. Lista skal oppbevarast i samsvar med krav til personvern, og skal slettast etter fjorten dagar.

Forskrifta er i dag (19. november) vedteken med heimel i smittevernlova paragraf 4-1. Formannskapet vert tilrådd å gjera formelt vedtak om forskrifta på møtet tysdag 23. november. Forskrifta gjeld frå og med 22. november kl. 00.00 og gjeld  til og med 20. desember.

Nødvendig tiltak

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at både Bergen og omegnskommunane har opplevd kraftig smitteauke den siste tida.

- I sist veke hadde Øygarden det største påviste smittetalet sidan mars 2020. Det er difor ødvendig å gjennomføra desse tiltaka no. Vi har registrert at det ikkje har vore tilstrekkeleg med ei generell oppmoding om å bruka munnbind.

Ordføraren er oppteken av at kommunen no gjennomfører målretta tiltak som ikkje rammar på ein uheldig måte.

- Vi skal ha møte med serveringsbransjen sundag kveld og gje informasjon om tiltaka. Vi har stor trur på at vi har felles ønske om å gjennomføra desse tiltaka slik at planlagte arrangement kan gjennomførast dersom ein er nøye med å følgja både pålegg og tilrådingar, seier ordføraren. Han legg til at det er flott om bransjen startar med registreringa av gjestene før forskrifta trer i kraft frå måndag av.

Det har også vore møte mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Samla sett er presset på tenestene stort. Dette kan få negative konsekvensar for helsetenesta i kommunen og på sjukehusa.

Innbyggjarane våre vert oppmoda til å halda seg heime om dei kjenner seg sjuke, ta koronatest om dei får forkjølingssymptom og takka ja til vaksinane dei får tilbod om.

Les meir om nasjonale tiltak gjort kjent av regjeringa i dag


Tekst: Vigleik Brekke