Aktuell informasjon

På laurdag er det fest på innbyggartorget og biblioteket

- Visjonen er eí dør inn til kommunen. Her møter folk i kommunen. Det seier konstituert avdelingsleiar for innbyggartorget og biblioteket, Grethe Bergsvik. Laurdag er det offisiell opning av lokalet på Straume som ligg i tredje og fjerde etasje sentralt i Sartor Storsenter.

Åshild Anderson Øyre, Kenneth Arneberg Johannessen, Henrik Angermund,  Farshid Amini, Grethe Bergsvik,  Torill Martinson og Gro Lygre Petersen. - Klikk for stort bileteMedarbeidarane på innbyggartorget og biblioteket er klare for opningsfest på laurdag. Frå venstre; Åshild Anderson Øyre, Kenneth Arneberg Johannessen, Henrik Angermund, Farshid Amini, Grethe Bergsvik, Torill Martinson og Gro Lygre Petersen.  

Mellom klokka 12.00 og 17.00 kan du få med deg teaterframsyninga «Fast i plast» ved Maria Rønhovde, smakebitar frå Bibliotekets litteraturpris, offisiell opning (kl. 14.00) ved varaordførar Torill Selsvold Nyborg, Barfødt (irsk folkemusikk) og Halvor Folgerø som snakkar om «Vestlandsvegar – om livet på farlege vegar». Øygarden kulturskulekor vert også med og bidreg på opningsfesten.

Innbyggartorget og biblioteket har vore på flyttefot. No møter du kommunen i trivelege lokale ved hovudinngangen til Sartor Storsenter. Her kan du låna bøker, tidsskrift, lydbøker, film, musikk, lesa aviser og låna PC og nytta gratis trådlaust nett. Innbyggartorget gjev kommunal og anna offentleg informasjon.

Grethe Bergsvik er stolt av det som no er på plass.

- Her er mellom anna to møterom til utlån som har plass til 10 – 12 personar. Her er også bibliotekscene med plass til inntil 80 plassar og eigen ungdomsavdeling, seier ho.

Kommunedelsentera i Skogsskiftet og på Rong har eigne bibliotek. På same måte som i Skogsskiftet og på Rong skal det etablerast meirope bibliotek på Straume. I tillegg til å bruka trapp for å koma til innbyggartorget og biblioteket, er det mogleg å nytta heis mellom lokala til Hunkemöller og frisørsalongen Mona Ami.

- Vi har fått lyse og moderne lokale midt i senteret som er lette å finna. Det er også gledeleg at ungdomen har fått eit eige areal. Responsen frå publikum er svært god. I hovudsak er tilbakemeldingane gode, seier Grethe Bergsvik.

Farshid Amini og Kenneth Arneberg Johannessen - Klikk for stort bileteFarshid Amini og Kenneth Arneberg Johannessen 

Skal hjelpa innbyggjarane

Inngangen til heisen ligg mellom Hunkemöller og frisørsalongen Mona Ami. - Klikk for stort bileteInngangen til heisen ligg mellom Hunkemöller og frisørsalongen Mona Ami.Innbyggartorget og biblioteket skal vera ein viktig møteplass og kulturarena for innbyggjarane i Øygarden. Her kan du delta på ulike kurs, teaterframsyningar, forfattarforedrag, konsertar med meir. Alle arrangementa vert publisert på heimesida, så følg med.

- Vi jobbar og med å utvikla tilbodet om å gje hjelp i byggjesaker m.m. Det kan bidra til at det vert lettare å ordna ein del av sakene på staden. Innbyggartorget og biblioteket er i utvikling, og eg er trygg på at dette vert ein suksess, seier Grethe Bergsvik. 

 

 

 

 

 

Les programmet for opningsdagen her.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete