Utedesign starta opp i 2012. Inklusive alle selskap og avdelingar i inn og utland har gruppa har gruppa hatt eit kraftig vekst og har i dag opp mot 130 tilsette og vil oppnå ein omsetnad i 2022 på nærare 500 millionar kroner. I Øygarden utgjer staben opp mot 60 tilsette.
Utedesign produserer utestover og pergola og gjennomfører innglasing og leverer til både bedrifter og private.
- Vi legg vekt på å tilby gode opplevingar, og vi vil gjerne gjera draumen om uteplassar til ein røyndom, seier dagleg leiar Henrik Johannessen
Det er gjevt å vera mellom dei som kan verta årets vektskapar i EYO. Det vert gjennomført kåringar i over 60 land. Den nasjonale finalen i Noreg går av stabelen i Oslo 9. februar. For å verta kåra i denne konkurransen legg ein vekt på rolla til entreprenøren verdiar og leiing og ikkje minst samfunns- og miljømessig engasjement.
Ordførar Tom Georg Indrevik besøkte Utedesign på torsdag denne veka og overrekte blomar etter at selskapet har kome langt i konkurransen om å verta EYO.
- Vi veit at 70 prosent av nye bedrifter forsvinn etter fem år. Utedesign er eit døme på dei som lukkast, seier ordføraren.
Salsansvarleg Ruben Holm Andersen meiner at Utedesign kanskje ikkje hadde fått til denne veksten i ein annan kommune enn Øygarden.
- Vi er stolte av kvar vi kjem frå, og vi opplever at Øygarden er ein ja-kommune, seier han.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Her er fleire bilete: