Øygarden kommune tek gjerne imot fleire vaksinedosar - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Øygarden kommune tek gjerne imot fleire vaksinedosar

Øygarden kommune har kapasitet til å setja fleire vaksinedosar. Kommunen har basert planlegginga på informasjon frå sentrale styresmakter tidlegare i sommar og er godt førebudd på å ta imot det talet dosar kommunen fekk signal om.

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik 

Ordførar Tom Georg Indrevik er svært overraska over at det er kommunar som ikkje klarer å få brukt opp vaksinedosane sine.

- Vi er godt førebudd og har kapasitet til å setja opp til 3 600 ekstra dosar dei neste vekene. Vi krev at kommunen får fleire dosar for å dekkja det lokale behovet, seier Indrevik.

Han viser til at Øygarden kommunen er den neste største kommunen i Vestland med nærare 39 tusen innbyggjarar.

- Vi var mellom dei kommunane som måtte gje frå oss vaksinedosar til sentrale kommunar på Austlandet, seier Tom Georg Indrevik.