Øygarden kommune skal ta inn 20 nye lærlingar

Formannskapet vedtok i kveld (23. april) at Øygarden kommune skal ta inn 20 nye lærlingar. I dag har kommunen totalt 97 lærlingar fordelt på seks fag. Kostnaden med 20 lærlingar for to år er 8,7 millionar kroner. Vedtaket i kveld er ei oppfølging av tiltakspakke fase 1 knytt til koronaviruset.

IKT-faget er eitt av fleire aktuelle fag. Illustrasjonsfoto. - Klikk for stort bileteIKT-faget er eitt av fleire aktuelle fag. Illustrasjonsfoto. Vigleik Brekke
 

Dei 20 nye lærlingane skal fordelast på fire fag; IKT-faget, helsefag, byggdriftarfaget og institusjonskokkfaget. I vedtaket heiter det at vaksne som treng omskulering som følgje av situasjonen, vil verta prioriterte til læreplass som institusjonskokk og byggdriftarfaget, dersom dei har nødvendig kompetanse. Det skal også arbeidast vidare med å få på plass fleire godkjente lærefag. Målet er å ha dette på plass til skulestart 2021.

Ein skal også utgreia om det skal etablerast formelt samarbeid med eksternt opplæringskontor. Kostnaden i 2020 på 1,4 millionar kroner vert dekt inn av disposisjonsfondet, eventuelt utbetalingar knytt til revidert nasjonalbudsjett 12. mai. Kostnaden i 2021/2022 skal innarbeidast i budsjett/økonomiplan.

Ber regjeringa løyva pengar til karbonfangst

Formannskapet vedtok samrøystes ein uttale om å be regjeringa å snarleg løyva midlar til Northern Lights, den nasjonale karbonfangstsatsinga i Øygarden. Formannskapet grunngjev dette med at ei løyving vil sikra framdrift og teknologisk forsprang. I uttalen heiter det også at realisering av karbonfangst og lagring er avgjerande for å nå utsleppsmåla i Noreg og Europa. Øygarden kommune meiner at Noreg i posisjon til og bør ta ei leiarrolle for utvikling av nødvendig teknologi og infrastruktur på dette området. Det er også avgjerande for å få verdikjedar i denne industrien til å verka i ein skala som vil ha ei reell betydning i klimarekneskapen. Les meir om prosjektet her

Økonomirapport

Formannskapet tok samrøystes økonomirapport pr. 31. mars til orientering. Etter forslag frå  samarbeidspartia Høgre, Sotralista, Frp og KrF vart det vedteke fire merknader mot dei to røystene til Arbeidarpartiet.

I merknaden seier formannskapet at det i saka er antyda prognose årsresultatet på 30 millionar kroner svakare enn budsjett. Formannskapet ber om at det i samband med revidert budsjett vert lagt frem detaljerte tiltak for å nå budsjett på einingsnivå. Det må i samband med revidert budsjett leggjast fram oversikt på einingsnivå over tal stillingar ved inngangen til 2020 og tal stillingar pr. 1. juni 2020. Formannskapet ber vidare om at det til kommunestyremøtet i juni vert lagt frem sak om vidare framdrift for digitalisering av kommunale søknadsprosessar. Formannskapet ber også om at det i samband med revidert budsjett  vert lagt fram forslag som nøkkeltalsrapportering.

Eit forslag til tilleggspunkt frå Einar Jakobsen i Folkeaksjonen Nei til meir bompengar fekk ikkje fleirtal. I dette forslaget vart kommunedirektøren beden om å leggja fram forslag til område der ein kan henta inn midlar til å auka disposisjonsfondet då dette er for lågt og fører til manglande kontantstraum i perioden.

Etter første kvartal (pr. 31. mars) viser rekneskapsrapporten eit reelt negativt avvik på 7,7 millionar kroner. Det største avviket er i Oppvekst (15,9 millionar kroner). Av dette utgjer manglande fordeldrebetaling i barnehage og SFO, på grunn av nedstenging i samband med koronaviruset, om lag 5,5 millionar kroner. Kommunedirektøren seier at det er vanskeleg å gje ein prognose tidleg på året og det er mange uføresette forhold som spelar inn. Han skriv i utgreiinga at ut frå tala så langt kan vi stipulera eit prognostisert avvik frå budsjettet på 30 millionar kroner.

Bekymringsmelding frå opposisjonen

Formannskapet drøfta eit brev ein samla opposisjon har sendt til ordførar og kommunedirektør. Opposisjonen (Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, Miljøpartiet Dei Grøne, Raudt og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar) har stilt fleire spørsmål om dei demokratiske prosessane vert oppretthaldne på ein forsvarleg måte. Her kan du lesa brevet frå opposisjonen (PDF, 913 kB) og svarbrevet frå ordførar Tom Georg Indrevik (PDF, 607 kB).  Dokumenta vart lagt ved protokollen.

Det var det utvida formannskapet som var samla i kveld. I tillegg til dei ordinære medlemene, var utvalsleiarar, leiar av kontrollutvalet og gruppeleiarar for parti som ikkje er representerte i det ordinære formannskapet.

Før behandlinga sakene, orienterte prosjektleiar for Sotrasambandet Arve Tjønn Rinde orienterte om status for prosjektet.

Her kan du sjå opptak frå møtet (Youtube).

Tekst og foto: Vigleik Brekke