Aktuell informasjon

Øygarden kommune og Shetland har styrkt venskapsbanda

Dette vart gjort med fornya venskapsavtale sist helg. Avtalen vart signert på Scalloway museum laurdag 25. juni av ordførar Tom Georg Indrevik og Davie Sandison.

Avtalen vart underteikna av Davie Sandison og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteAvtalen vart underteikna av Davie Sandison og Tom Georg Indrevik 

Øygarden kommune drog over til Shetand samtidig med Shetland Race for å også retta ei merksemd mot regattaen som går årleg mellom Shetland og Øygarden. Sund kommune har tidlegare hatt venskapsavtale med byen Scalloway på Shetland. Avtalen er no fornya og utvida til fleire områder på Shetland.

På same turen har leiar av Nordsjøfartmuseet, Jenny Heggvik overlevert 597 050 kroner som er samla inn gjennom pengegåver frå næringsliv, kommune og private aktørar for å restaurera Prince Olav slip i Scalloway. Slippen vart fornya i 1942 og var ein avgjerande slipp i nordsjøfarten då skøytene måtte reparerast mellom turane. Åsmund Andersen, tidlegare kommandant ved Håkonsvern har bidrege aktivt i pengeinnsamlinga, og Jim Young frå The Shetland Bus friendship Society tok imot midlane. The Shetland Bus Society har tatt på seg å samla inn 700 000 for å realisera restaurering av kulturminne.

Kontakten mellom Sund og Scalloway har vore sterk sidan 2. verdskrig. Mange sundsokningar var stasjonerte der under krigen og sterke band vart knytt i desse åra.

Shetlandsbussane

Mellom 1940 og 1945 tok totalt 300 nordmenn del i trafikken, som fekk namnet Shetlandsbussane. På land vart dei støtta av Shetlendarane og britiske soldatar som fekk forbod mot å involvera seg i nordsjøfarten av redsel for at operasjonen skulle verta avslørt.

Styresmaktene forstod raskt at dersom små båtar kunne segla frå Noreg til Shetland, kunne nokkre av dei same båtane, bemanna med motstandsrørsla returnera til Noreg i hemmeleg eoppdrag.

Lunna House vart vald som base for dei hemmelege oppdraga, mens Kergord var hovudkvarteret som også husa agentar som skulle til og frå Noreg.

Kransenedlegging ved Lunna Kirk.jpg - Klikk for stort bileteKransenedlegging ved Lunna Kirk.jpg  

Minnesmerke

Fleire ordførarar i Sund har opp gjennom åra vist stor interesse for banda til Shetland. I 2001 vart det reist eit minnesmerke i Scalloway som var bygd opp av 44 steinar. Steinane kom frå Sund og andre vestlandskommunar som miste menn under Nordsjøfarten under krigen. Det har sidan vore ein tradisjon for kommunen å leggja ned ein krans på minnestøtta kvar 17. mai, der ordførarar eller andre frå Sund har stått for kransenedlegging og talar i lag med Scalloway sine leiarar.

I 2014 vart det signert ein venskapsavtale mellom Sund og Scalloway der føremålet er å fremja samarbeid på felta kultur, idrett, reiseliv og historieformidling. Nordsjøfartsmuseet og Scalloway Museum er viktige samarbeidspartnarar i arbeidet. Venskapsavtalen er dedikert minnet om Albrigt Sangolt og Jack Burgess. Jack Burgess stod sentralt i skipinga av The Shetland Bus Friendship Society. Sonen Mark Burgess var den som signerte venskapsavtalen i lag med Nils Kåre Skoge som var konstituert ordførar på det tidspunktet.

Mykje kontakt med Shetland

Både før og etter inngåinga av venskapsavtalen har det vore fleire besøk av ungdom frå Shetland som har hatt konsertar på Glesvær og på Nordsjøfartsmuseet. Dei fleste har kome med båten the Swan. Det vart gjennomført ei ungdomsutveksling frå Sund, Fjell, Øygarden og Askøy i 2012. Utvekslinga skjedde i form av ei minneseglas for Albrigt Sangolt med skuta Loyal. Familien hans var representert i lag med ordførarane og kultursjefane frå dei fire kommunane. I Scalloway vart det gjennomført fleire sosiale treff, konsertar og samspel mellom ungdomane.

Fornyinga av venskapsavtalen mellom Shetland og Øygarden bidreg til ei styrking av dei historiske banda mellom oss og ein vidareføring av ungdomsutveksling, kulturutveksling og fleire moglege samarbeid i framtida.

Her er oppslag i Shetnews og i Shetlandtimes.

Tekst og foto:  Christel Møvik-Olsen, kulturleiar

Her er fleire bilete:

Tom Georg Indrevik og Davie Sandison. - Klikk for stort bilete
Overrekking av innsamla pengar.I midten Jenny Heggvik. - Klikk for stort bilete
Ordførar og Maggie Sandison.jpg - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Lunna House frå framsida. - Klikk for stort bilete
Kjøkenet Lunna House.jpg - Klikk for stort bilete