Øygarden innfører hybrid arbeidskvardag

Første kvartal 2023 vert det fysiske arbeidet med Sotrasambandet trappa opp.
- Øygarden kommune innfører ei hybrid arbeidsordning som skal bidra til redusert trafikkbelastning, seier kommunedirektør Johnny Breivik.

Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Breivik


Arbeidet med Sotrasambandet vil føra til omleggingar og periodar med avgrensa trafikkflyt. Øygarden kommune har difor utarbeidd retningslinjer for hybrid arbeidskvardag.

- Vi vil gjerne bidra til at arbeidet med Sotrasambandet vert gjennomført så smidig som mogleg. Ei hybrid arbeidsordning med delvis bruk av heimekontor for kommunetilsette vil vera eitt av fleire tiltak for redusera bilbruken og dermed trafikkbelastninga i ein krevjande periode fram til at sambandet er klar til bruk 1. juni 2027. Det er også god folkehelse å sleppa å bruka tid i bilkø, seier kommunedirektøren.

Individuell avtale om heimekontor er regulert i heimekontorforskrifta og avklart med tillitsvalde. Arbeidsgjevar skal sikra at det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet på heime-arbeidsplassen er fullt forsvarleg.

Den hybride arbeidsordninga er ein kombinasjon av heimekontor og arbeid på fysisk arbeidsplass. Arbeidsgjevar og arbeidsgjevar kan velja mellom to typar avtalar om heimekontor.

  • Sporadisk bruk av heimekontor
    Dette inneber at tilsette har heimekontor inntil åtte dagar i månaden. Dette krev ikkje ein individuell avtale, men det krev ein lokal rutine om sporadisk bruk av heimekontor for eininga (avdelinga).

     
  • Individuell avtale om heimekontor
    Denne type hybrid arbeidskvardag inneber at den tilsette arbeider heime meir enn åtte dagar i månaden. Dette er ikkje ein rett som arbeidstakar har, men ein moglegheit.

Kommunedirektør Johnny Breivik seier at erfaringar med bruk av heimekontor under koronapandemien viser at ei ordning som dette vil vera god for både arbeidsgjevar, arbeidstakar og trafikksituasjonen i og rundt Straume-området og på strekninga mellom Øygarden og nabokommunane.

Ordninga har vore til behandling i administrasjonsutvalet som er samansett av politikarar og tillitsvalde.

- Dette vil vera eit viktig bidrag til å redusera trafikkbelastninga når vi no går inn i ein anleggsperiode over fleire år. Eg meiner at dette kan vera ei ordning næringslivet også kan nytta i mindre eller større grad i tida framover, seier ordførar Tom Georg Indrevik som også minner om at auka bruk av kollektivtransport er eit viktig bidrag til å redusera trafikkbelastninga.

Vedlegg: Dokument om hybrid arbeidskvardag. (PDF, 391 kB)