Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Øygarden har mange fortrinn

Det var stort engasjement blant deltakarane på innspelsmøtet for næringsutvikling i Øygarden torsdag føremiddag. 80 deltakarar var med på videomøtet, og 10 arbeidsgrupper drøfta aktuelle deltema bransjevis. Dersom ein skal prøva seg med ei kort oppsummering, må det vera at Øygarden har mange fortrinn og stort vekstpotensiale.

Ordførar Tom Georg Indrevik innleia møtet med næringslivet. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik innleia møtet med næringslivet. 

Samlinga var eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Øygarden næringsutvikling og Vest Næringsråd.

Ordførar Tom Georg Indrevik tok utgangspunkt i at samfunnsdelen til kommuneplanen byggjer på berekraftmåla til FN og at kommunen har plukka ut åtte prioriterte mål.

- Det er enkelt å vedta, men utruleg vanskeleg å gjennomføra. Vi treng fleire arbeidsplassar og fleire ut i arbeid. Vi ønskjer ein samfunnsplan for heile samfunnet der vi tenkjer store og små tankar. Til næringslivet vil eg seia; still tydelege krav og ha ambisjonar med det de driv med, sa ordføraren då han innleia videomøtet torsdag føremiddag.

Innspelsportal

Det er eiga nettside som har all relevant informasjon om samfunnsdelen til kommuneplanen. Der er det eigen innspelsportal som alle kan nytta og svara på spørsmål knytt til ulike tema.

Her er nettside med innspelsportal.

I mai og juni skal politikarane drøfta det som har kome fram i innspelsperioden. Etter at det er skrive utkast til samfunnsdelen til kommuneplanen, skal han ut på offentleg høyring. Målet er at planen vert vedteken i januar/februar 2022.

EY Norge ved Vegard Sjursen presenterte ein fersk rapport om korleis næringslivet i Øygarden har utvikla seg sidan 2015 og fram til i dag.

Gruppesamtalar

Det var altså stort engasjement i dei 10 gruppesamtalane. Gjennomgåande viste deltakarane til

at Øygarden er ein vekstkommune der det er stort potensiale for vidareutvikling av næringslivet. Både Sotrasambandet, ny godshamn på Ågotnes og karbonfangsanlegget i Energiparken er døme på store prosjekt som er i gang og som står for døra. Kommunen har allereie store og viktige industriområde som fungerer som viktige næringsklynger i tillegg til anlegga på Stura og Kollsnes. Nærleik til matfatet i havet, nærleik til Bergen og flyplass vart også peika på som viktige fortrinn for Øygarden.

Det vart også vist til at det er potensiale som ikkje er utnytta godt nok. Døme på dette er kultur og reiseliv. Her er eit stort potensiale. Øygarden kommune bør også arbeida for at kommunen i større grad enn tilfellet i dag byggjer opp høgkompetansearbeidsplassar. Det vart også peika på at behandlingstid for plan- og byggjesaker må reduserast og at det kan vera utfordrande å navigera i offentlege etatar.

Det var også stor semje om at samarbeidsarenaer som dette er svært viktig. Både Vest Næringsråd og Øygarden næringsutvikling saman med kommunen er viktige aktørar her.

I går var det samling for eldrerådet, råd for personar med funksjonsnedsetjing og ungdommens kommunestyre der temaet var samfunnsplan og medverknad. Her kan du lesa oppsummeringa. (PDF, 324 kB)

Tekst og foto: Vigleik Brekke