Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Overnattingstur på Fjell festning

På onsdag og torsdag denne veka hadde Sotra Villmarksenter med seg 5. klasse på Rong skule på overnattingstur på Fjell festning.
- Det var veldig gøy, men vi fekk berre bruka telefonen i 15 minutt gjennom heile dagen, seier Ida Grundvåg Haugetun.

5. klasse på Rong har denne veka vore på to-dagars tur på Fjell festning. - Klikk for stort bilete5. klasse på Rong har denne veka vore på to-dagars tur på Fjell festning. 

Dagleg leiar Roger Skoge og marknadskoordinator Erlend David Sæle og medhjelparar i Sotra Villmarksenter tok på torsdag elevane med seg til fleire besøkspunkt i området på Fjell festning. Sotra Villmarksenter er leverandør av teambuildings- og aktivitetsarrangement for firma og privatpersonar.

- I løpet av skuleåret vil 29 klassar på 5. trinn få tilbod om overnattingstur på Fjell festning. Formålet er at elevane skal få kunnskap om lokal historie og krigshistorie i tillegg til at dei får vera med og byggja klassemiljø, seier Roger Skoge.

Gruppeleiarane i kommunestyret var av villmarksenteret inviterte til å verta kjend med arbeidet. Jan Utkilen (Sotralista), Anita Garlid Johannessen (Frp) og ordførar Tom Georg Indrevik likte det dei såg.

- Det er viktig at vi gjev barn og ungdom høve til å læra om fortida/historia og samstundes få høve til å setja pris på naturen og dei aktivitetane dei kan vera med på der, seier ordføraren.

Eleva klare for å verta kjent med området ved Fjell festning. - Klikk for stort bileteEleva klare for å verta kjent med området ved Fjell festning. 
Etter ein lang første dag ute, vart det taco på elevane om kvelden. Ida likte det ho fekk vera med på.

- Vi har vore mykje ute. Det var kjekt å vera med på bueskyting. Og maten var god, fastslo Ida (til venstre på biletet ovanfor). Også Helena Beda har hatt to kjekke dagar.

- Vi har leika og hatt det gøy. Eg sov som normalt, seier Helena (i midten på biletet ovanfor). Kontaktlærar for 5. klasse er Lene Romarheim.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Erlend David Sæle i Sotra Villmarksenter - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå venstre; Roger Skoge, Tom Georg Indrevik, Jan Utkilen, Ole Hovland og Anita Garlid Johannessen. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete