Orienterte om gebyrvarsel - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Orienterte om gebyrvarsel

Formannskapet fekk i dag (15. juli) orientering om Klagenemnda for offentlege anskaffelser (KOFA) som har varsla at Øygarden kommune vert ilagt eit ovetredingsgebyr på 8,7 millionar kroner.

Møtet vart gjennomført digitalt. - Klikk for stort bileteMøtet vart gjennomført digitalt. 

 

Etter at dette vart kjent på tysdag, ønskte ordførar Tom Georg Indrevik å orientera formannskapet om varselet som er knytt til rammeavtalar tilbake til 2015 i tidlegare Øygarden kommune.

- Vi ser svært alvorleg på varselet. Det handlar om forvaltning av offentlege pengar. Kontrollutvalet har gjort ein formidabel jobb med denne saka, og utvalet vil følgja dette opp, sa ordføraren.

Fungerande kommunedirektør Anne Erdal slutta seg til innleiinga frå ordføraren og alvoret i saka. Ho minna om at det er to EU-dommar som kom i 2018 og seinast i år som viser tydelegare korleis ein skal handtera rammeavtalar der ein kjem over maksimumsgrensa.

Leiar i kontrollutvalet, Mons Tore Nakken (Ap) sa at utvalet har arbeidd med denne saka internt sidan den nye kommunen vart oppretta i 2020. Kontrollutvalet tek varselet om gebyr på største alvor og skal ha møte om saka den andre veka i august.

I drøftinga tok medlemer i formannskapet mellom anna opp spørsmål knytt til bruk av juridisk hjelp og om formannskapet får lagt fram tilsvaret kommunen skal gje til varselet.

Ordføraren stadfesta at kommunedirektøren skal vurdera om ein skal bruka ekstern juridisk hjelp i oppfølginga av varselet og stadfesta at formannskapet skal få lagt fram tilsvaret som kommunedirektøren skal utarbeida. Kommunestyret får orientering i det første møtet etter ferien.

Det vart også reist spørsmål om i kva grad den nye kommunen står formelt ansvarleg det ein tidlegare kommune har gjort.

Formannskapet tok orienteringa om gebyrvarselet til orientering.

Saka vert drøfta i neste formannskapsmøte. Ordføraren opplyste at spørsmål som det ikkje vart gjeve svar på i dette møtet, vert svart på i neste møte.

Tekst og foto: Vigleik Brekke