Aktuell informasjon

Ordførar og varaordførar talte for dagen

Ordførar Tom Georg Indrevik talte på Kolltveit på nasjonaldagen.
- Når vi nå igjen kan samlast, la oss ta kvarandre i handa, gje ein klem, og la oss visa heile verda at vi sluttar opp om nasjonaldagen vår, sa ordføraren.
- Vi tenkjer på dei som gav livet sitt for vår fridom, og vi tenkjer på familiane deira, sa varaordførar Torill Selsvold Nyborg då ho la ned krans på minnestøtta ved Fjell kyrkje.

Ordførar Tom Georg Indrevik talte på Kolltveit. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik talte på Kolltveit.  

Det er tre år sidan at nasjonaldagen vart feira på vanleg vis. I 2020 og 2021 vart det gjennomført kortesje gjennom Øygarden kommune som ei alternativ feiring. Veret i dag var perfekt med sol og god temperatur, og mange møtte opp rundt om i bygdene på nasjonaldagen

- Etter to år med pandemi og ikkje minst sett i lyse av den pågåande meiningslause krigen i Europa, håpar vi at vi set ekstra pris på dagen.  Sjølv om tradisjonane vert endra med tida, feirar vi det same, vi feirar at vi fekk grunnlova vår. Vi har lært de siste månadene at det er ikkje noko ein skal ta for gitt. Det er noko vi alle må bidra til og slutta opp om, sa ordføraren.

Han understreka også at når vi i dag feirar nasjonaldagen får, skal vi feira dette saman med alle uansett nasjonalitet, etnisitet eller livssyn. Les heile talen her.

Torill Selsvold Nyborg (til venstre) talte og la ned krans på minnestøtta ved Fjell kyrkje. - Klikk for stort bileteTorill Selsvold Nyborg (til venstre) talte og la ned krans på minnestøtta ved Fjell kyrkje. 

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg la ned krans på minnestøtta ved Fjell kyrkje.

- Også her i Fjell var det mange som reiste seg mot den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen.  Det var mange gutar og menn som i sin beste alder ofra seg for landet og fridomen. Her i bygda vert vi stadig minna om den 2. verdskrigen, gjennom Koleragravplassen, Russar-stegen og Festnings-anlegga.  Festnings-anlegga vart bygde dei tre siste åra under den tyske okkupasjonen.

Og lengre sør i kommunen, fekk ein verkeleg oppleva kor brutal ein krig er. Den 30. april for 80 år sidan sette tyskarane fyr på Telavåg-bygda.

- Desse grusomme hendingane har i ettertid  merka liva til alle som mista hus og heim og dei som mista sine kjære, sa ho.

Ho avslutta med kva nasjonaldagen betyr.

- Vi kan likevel markera nasjonaldagen som ein festdag for alle. Samstundes får vi vist at vi står saman om dei viktige og grunnleggjande verdiane i landet vårt, sa varaordføraren. Her kan du lesa talen. (PDF, 54 kB)

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: June Indrevik, Silje Ulveseth og Ingalis Apelthun Malmo.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete