Optimistisk prosjektrådmann

Når eg høyrer kva kompetanse som er representert rundt bordet her i dag, er eg trygg på at dette vil gå bra. Det sa prosjektleiar Rune Lid då han ønskte knapt 30 leiarar og tillitsvalde frå dei tre kommunane på ei leiarsamling i dag. Samlinga vert avslutta tysdag.

 Rune Lid - Klikk for stort bileteRune Lid

Hovudtema for samlinga er den overordna administrative organiseringa for Nye Øygarden kommune. Rådmennene har drøfta dette i fleire møte etter at Rune Lid vart tilsett som prosjektrådmann den 16. april. Rådmmene har i forkant av leiarsamlinga sendt ut eit prinsippnotat. Der tilrår dei at det nye kommunen vert leia som ein»to-nivå-kommune» med kommunalsjefar.

Rune Lid har tidlegare erfaring frå omstilling i større selskap og konsern. Han ser fleire likskapar i dei omleggingane desse selskapa var gjennom og det han no arbeider med som prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune.

Prosjektrådmannen legg ikkje skjul på at Nye Øygarden kommune er på etterskot samanlikna med andre kommunesamanslåingar det er naturleg samanlikna seg med.

– Eg meiner vi faktiske ligg om lag eit halv år etter der vi burde vera. No vil eg prioritera å ta igjen den tapte tida, seier Lid.

Skal ta vare på dei tilsette

No skal tre kulturar smeltast saman. Det er viktig at vi snakkar kvarandre opp og er rause overfor kvarandre og respekterer at det er mykje kompetanse i alle kommunane. Rune Lid har forståing for at tilsette i dei tre kommunane vert usikre på si eiga framtid i ein ny kommune. Her viser han til intensjonsavtalen.

– Ingen skal mista jobben som følgje av kommunesamanslåinga. Det er mykje kompetanse i dei tre kommunane som vi har bruk for i den nye kommunen. Vi skal gjera alt vi kan for å redusera den eventuelle uvissa som finst blant dei tilsette.  Vi har ambisjonar om å få på plass ein organisasjon som har dei beste folka med gode haldningar, erfaring og kompetanse. I utgangspunktet vil vi rekruttera kommunalsjefar internt, men det er likevel ein liten opning for ekstern rekruttering i unntakstilfelle, sa Lid.

Frå samlinga måndag - Klikk for stort bileteFrå samlinga måndag

 

Rune Lid understrekar at no må vi identifisera, prioritera og setja dei rette ressursane inn på det som vi skal arbeida med fram til den nye kommunen er ein realitet frå januar 2020.

– I  arbeidet med å byggja den nye kommunen, er vi ikkje Fjell, Sund eller Øygarden. Det handlar ikkje om dei og oss. No er vi oss og Nye Øygarden kommune. Frå og med i dag oppmodar eg oss alle til å tenkja og handla som om vi er eín kommune.

Fellesnemnda skal ta stilling til den overordna administrative modellen i møtet den 18. juni. Rune Lid reknar med at kommunalsjefane vert tilsette i løpet av august.

Måndag ettermiddag og tysdag føremiddag er det gruppearbeid. Vi kjem tilbake med meir informasjon om resultatet av gruppearbeidet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 15.05.2018
Fann du det du leita etter?