Oppstart i barnehage og skule etter «korona-fri»

Etter veker ute av barnehage og skule, kan det vere krevjande å finne tilbake til den vanlege kvardagen. Nokre barn og unge kan kvi seg fordi dei er engstelege for smitte. Andre kan kvi seg for å starte opp att i barnehage og skule fordi det har vore trygt og godt å vere heime.

Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete. Foto: Colourbox 

Mange av desse problemstillingane løyser ein fint heime sjølv. Men nokre gonger kan utfordringane vere av ein slik art at det kan vere godt å ha nokon å drøfte dei saman med.

Øygarden kommune har sett ned teamet «Trygg oppstart» som du som foreldre og/eller barnehage og skule kan ta kontakt med. Teamet er satt saman av folk frå PPT (barnehage og skule), Familie- og rettleiingssenteret, Barnevernstenesta, Kommuepsykologtenesta, Rettleiarteam for skule og Helsestasjonen.

Ved å ringe telefonnummeret nedanfor, så får foreldre og/eller barnehage og skule avtalt tid til konsultasjon innan eit par dagar. Konsultasjonen kan gå føre seg på telefon eller digitale plattformer som t.d Teams. Her nyttar vi det som passar best for dei som er med.

Kven kan ta kontakt

Foreldre og barnehage/skule i Øygarden kommune. Kvar for seg – eller i samarbeid.

Korleis kan ein ta kontakt

Telefon 906 16 254 for å avtale tid og form for konsultasjon.

Vi kan ikkje svare på medisinske spørsmål. Dersom du har spørsmål om risiko ved eventuell smitte eller sjukdom, så må du kontakte fastlegen.

Høyrer frå deg!

 

Tekst: Ranveig Lovise Bungum