Oppstart av datakafé for seniorar

Frivilligsentral, logo - Klikk for stort bilete Lær meir om PC, telefon eller nettbrett og få hjelp til det du treng.

Frivilligsentralen startar opp med datakafé for seniorar med personleg rettleiing anna kvar torsdag frå kl. 16.00 til 17.30.

Oppstart: Torsdag 18. mai, kl. 16.00
Stad: Øygarden bibliotek, Rong senter

Datakafeen er for

  • deg som aldri har nytta data før
  • deg som kjenner deg noko utrygg på korleis ein gjer det
  • deg som vil lære meir
  • deg som er ganske god

Du må ta med eigen pc, nettbrett eller smarttelefon (alt etter kva du treng hjelp til).

Tanken er at deltakarane også kan hjelpe kvarandre. Er du erfaren er vi glad om du deltek. Frivilligsentralen ynskjer fleire hender som kan hjelpa om det trengs.

Målet med kafeen er at du skal bli sjølvstendig, og sjå på digitale hjelpemidlar som ein ven heller enn som ein fiende.

Etter kvart vil vi ha temasamlingar. Desse vil handle om det som er viktig for deg. Ein ønskjer å vise korleis ein sjølv kan hente informasjon, lese aviser, nytte sosiale mediar, skrive eit brev, nytte rekneprogram, nytte nettbank, nytte minID og offentlege sider, laste ned eller fjerne appar, nytte my.heritage.com, lasta ned e-bøker og mykje meir.

Har du spørsmål kan Frivilligsentralen kontaktast på telefon: 56 38 20 00.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 10.05.2017
Fann du det du leita etter?