Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Oppstart AKTIV+

Tysdag 18. august er det oppstart for AKTIV+ kl. 10.30. Det vert balansetrening, trim og tur i Straume idrettspark.

Klikk for stort bilete

Dette er i samråd med smittevernlegen i Øygarden kommune. Viktig at alle tek med lapp med namn og telefonnummer for registrering. Alle går direkte til sine treningssalar. Turgruppa samlast i kantina i Sotra Arena.

Alt privat tøy skal leggjast under eigen stol/ved matte der ein trenar. Alle må ta med eigen strikk og matte.

Alle må halda minst ein meter avstand, syte for godt reinhakld og bruke antibac.

Føredraget kl.12.00 vert med smittevernlegen i Øygarden, Jens Even Eikås.
Stad: Sal 3, med god avstand mellom stolane.

AKTIV+ ønskjer alle seniorar velkomen til ny sesong med mykje godt samver og godt smittevern.

Her finn du program for AKTIV+ hausten 2020