Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Oppmodar oss til å spreia glede

Måndag 23. vert Mot til å glede-dagen markert. MOT oppmodar lokalsamfunnet og den enkelte til å spreia ekstra glede denne dagen.

MOT-folka har for vane å stilla opp med kjekke overraskingar på MOT til å glede-dagen. - Klikk for stort bileteMOT-folka har for vane å stilla opp med kjekke overraskingar på MOT til å glede-dagen. 

Mot til å glede dagen handlar om å ha MOT til å leva og MOT til å bry seg. Organisasjonen oppmodar ungdom og vaksne over heile landet til å bidra til at dagen vert hugsa som den varmaste dagen i året. I desse dagar der nok dette viktigare enn nokosinne. Mange saknar den gode og trygge klemmen. No må klemmen erstattast med hjartevarme.

- Konkret kan det handla om å ta ein telefon til ei ven du ikkje har snakka med på ei stund. Du kan kanskje baka noko godt som du på ein trygg måte kan gje til framande eller andre du ønskjer å gje noko ekstra til på denne dagen. Her er det vel berre fantasien som set grenser, seier Vigdis Taranger i MOT Øygarden.

Tekst og foto: Vigleik Brekke