Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Oppmodar oss om å følgja smittevernreglane

Skulestart komande måndag og auka aktivitet av frivillige lag og organisasjonar i kommunale bygg og anlegg gjer det nødvendig å minna om smittevernreglane.

Bjorøy skule og dei andre skulane i Øygarden er klar for skulestart måndag 17. august. - Klikk for stort bileteBjorøy skule og dei andre skulane i Øygarden er klar for skulestart måndag 17. august. Kjell Andersland   

Ordførar Tom Georg Indrevik er tydeleg på at vi no må vera ekstra nøye med å halda smittevernreglane.

- Med denne auka aktiviteten kjem vi tettare på kvarandre. Dersom vi ikkje tek eit personleg ansvar og følgjer smittevernreglane, kan det lett oppstå oppblomstring av smitte. Dette fører igjen til at mange kan verta ramma av karantene, seier ordføraren.

I hovudtrekk følgjer skulen og barnehagane dei same rutinane og reglane for smittevern slik dei var praktiserte før ferien. Det vert gjort lokale tilpassingar, og føresette vert oppmoda om å følgja med på nettsida til den enkelte skule der det vert lagt ut informasjon om skulestart, skuleskyss og informasjon knytt til smittevern.

Ordførar Tom Georg Indrevik (til venstre) ber oss å følgja smittevernreglane. I midten, rektor på Spildepollen skule Linda Selheim, og til høgre; assisterande kommunalsjef for Oppvekst, Anna Nesje Nes - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik (til venstre) ber oss å følgja smittevernreglane. I midten, rektor på Spildepollen skule Linda Selheim, og til høgre; assisterande kommunalsjef for Oppvekst, Anna Nesje Nes. 
Øygarden kommune låner ut ei rekkje bygg og anlegg til lag og organisasjonar.

- Vi ønskjer at dei frivillige aktivitetane i størst mogleg grad kan halda fram som normalt. Samstundes ber vi om at brukarane er innstilte på at det kan verta nødvendig å gjera nokre justeringar. Mellom anna må vi sikra eit forsvarleg reinhald, seier Tom Georg Indrevik. 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andesland og Vigleik Brekke