Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Oppgradering av lokale til kulturskulen

På Liljevatnet, der kulturskulen held til, skal det byggast ein ny barnehageavdeling, og samstundes skal lokala til kulturskulen oppgraderast. Dette arbeidet vart sett i gong i april og held fram til slutten av oktober.

Klikk for stort bilete

I denne perioden har nesten all undervisning som var på Liljevatnet flytta ut. Her finn du oversikt over midlertidige lokale:

  • Kulturskulekoret: Foldnes skule
  • Kunst: Ulveset skule
  • Teater: Fjell skule
  • Bandundervisning: Fjell ungdomsskule
  • Individuell undervisning er flytta til Foldnes skule, Kolltveit skule og Fjell ungdomsskule.
  • Slagverkundervisning, noko songundervisning og musikkterapi er framleis på Liljevatnet, men held til på scenen i 1. etasje.

Vi beklager dei ulempene denne endringa påfører våre flotte elevar. Dette heldigvis berre midlertidig. Vi gler oss til å tilby nye og betre tilrettelagte lokale når vi flytter tilbake til Liljevatnet. Administrasjonen vil vera på Liljevatnet heile tida.

Her finn du meir informasjon om Øygarden kulturskule


Tekst og foto: Kjartan Fjordheim, inspektør ved Øygarden kulturskule