Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Oppgraderer nybygg

Kommuneleiinga hadde måndag besøk av attføringsbedrifta Trigger AS. Kjøp av bygg vegg i vegg med lokalet i Straume Næringspark vil auka arealet frå 720 til om lag 1 500 kvadratmeter for avdelinga der.

Frå venstre; Torill Selsvold Nyborg, Rune Landro, Tom Georg Indrevik, Jan Utkilen, Linda Teigland, Hege Elvestad og Odd Mange Utkilen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Torill Selsvold Nyborg, Rune Landro, Tom Georg Indrevik, Jan Utkilen, Linda Teigland, Hege Elvestad og Odd Mange Utkilen. 

Dagleg leiar Hege Elvestad opplyste at det vert gjennomført ei oppgradering på fem-seks millionar kroner. Det nye bygget vil bidra til vesentleg kapasitetsauke med mellom anna to mesaniner (lagringsetasjar) og nye kontor.

- Dette er ei nøysam oppgradering, sa ho.

Trigger, som har hovudadministrasjonen på Florvåg på Askøy og avdeling i Straume Næringspark, har avtale om totalt 102 plassar for tilrettelagde arbeidsplassar. På Straume har Trigger 34 personar i tilrettelagde arbeidsplassar, 16 personar i arbeidsførebuande trening og tre skulelelevar.

Halvparten av omsetninga er oppdrag frå NAV, medan resten av omsetninga kjem frå levering av varer og tenester. Overskotet i 2021 var på 1,6 millionar kroner. Det er eit mål at minst 50 prosent av dei som er i arbeidsførebuande trening kjem ut i ordinært arbeid.

- Våre strategiske statsingsområde er auka synlegheit, digitalisering/automatisering og tilgang/tilvekst og utvikling, sa Elvestad.

På møtet med kommunen deltok også konstituert kommunedirektør Rune Landro, varaordførar Torill Selvold Nyborg, leiar av utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv, og leiar i utval for tenester og levekår, Jan Utkilen. Frå Trigger møtte dagleg leiar Hege Elvestad, avdelingsleiar Linda Teigland og styreleiar Odd Magne Utkilen.

- Utfordringar vi tek med oss frå møtet er samhandling mellom Trigger og det kommunen driv sjølv av denne type verksemder. Vi ønskjer også å bidra til at Trigger kan få avtale om fleire plassar, sa ordførar Tom Georg Indrevik.

Trigger Jobb AS (Trigger) er eit aksjeselskap eigd av kommunane Askøy og Øygarden i tillegg til Askøy lag av Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU). Trigger skal gjennom arbeid gje menneske ei oppleving av meistring og verdigheit. Trigger skal vera startskotet for utvikling og vekst hjå den enkelte.


Tekst og foto: Vigleik Brekke