Opnar servicetorget i Øygarden rådhus måndag 4. mai

Servicetorget i Øygarden rådhus på Straume opnar måndag 4. mai. Servicetorga i Skogsskiftet og på Rong vert opna for publikum onsdag 6. mai.

Ved skranken på servicetorget på rådhuset på Straume er det monert pleksiglas som smitteverntiltak. - Klikk for stort bileteVed skranken på servicetorget på rådhuset på Straume er det monert pleksiglas som smitteverntiltak.  

Dei tre servicetorga har i ein periode vore stengde på grunn av koronaviruset. På Straume er det montert pleksiglas ved skranken som eit smitteverntiltak. Når dette også er på plass i Skogsskiftet og på Rong tidleg i neste veke, kan servicetorga i desse kommunedelsentera opnast frå onsdag 6. mai.

Opningstida vert klokka 09.00 til 15.00.

Stabsleiar for service, Kenneth Sangolt, seier at det er gledeleg å kunna opna att i takt med at restriksjonane i samfunnet gradvis vert letta, men at dei fleste innbyggjarane ynskjer å forholda seg digitalt til kommunen.

- I mars månad var det over 500 tusen sidevisningar på heimesida til kommunen, og over seks tusen som tok kontakt på telefon. Eg oppmodar innbyggjarane til å framleis bruka desse 100 prosent smittefrie kanalane for å koma i kontakt med kommunen, seier Sangolt.


Tekst og foto: Vigleik Brekke