Opnar publikumsmottaket for NAV Øygarden

Publikumsmottaket til NAV Øygarden på Straume opnar igjen for publikum frå i dag 22. juni.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

Publikumsmottaket vert ope måndag og torsdag klokka 12.00 – 14.00. Timeavtalar vert teke utanom opningstida.

Tenestene til NAV opne og tilgjengelege.
Den viktigaste kanalen for personbrukarar og arbeidsgjevarar for å koma i kontakt med NAV er på nav.no. 

Her kan du blant anna:

  • Registrera deg som arbeidssøkjar
  • Søkja dagpengar under permittering og ledigheit
  • Stadfesta digital sjukemelding frå lege og senda inn søknad om sjukepengar
  • Søkja sosialhjelp

Personlig oppmøte på NAV-kontoret 

Dersom du ikkje har høve til å bruke digitale tenester, kan du få timeavtale som gjeld søknad om naudhjelp, økonomisk sosialhjelp og hjelp til å søkja om dagpengar ved permittering, sjukemelding eller andre kritiske situasjoner. På grunn av avgrensa kapasitet for å halda fysiske møte kan det henda at møtet vert halde pr. telefon eller video. Ring telefon 55 55 33 33 for å avtala møte.