Opnar idrettshallane i neste veke

I neste veke vert det opna for innandørs aktivitetar i idrettshallane.

Sotra Arena er ein av halla som opnar i neste veke. Her vert berre hall 3 teken i bruk - Klikk for stort bileteSotra Arena er ein av hallane som opnar i neste veke. Her vert berre hall 3 teken i bruk    

 

Bildøyhallen, Ågotneshallen, Hjeltefjorden Arena, Sundhallen, Spildehallen, opnar frå måndag neste veke. Vanlege treningstider gjeld. Garderobar og dusjar kan ikkje brukast. Arrangement i helger går inntil vidare ut.

  • Utandørs banar vert opna i dag (8. mai) for trening og organisert idrettsaktivitet i samsvar med sentrale føringar. Det kan vera inntil 20 deltakarar på desse aktivitetane og ein må følgja retningslinjer for idrettsarrangement og frå dei einskilde særforbunda knytt til ulike idrettsgreiner.Les meir her
     
  • Kommunale idrettshallar opnar måndag 11.mai. Ein må følgja same retningslinjer som skildra over. I tillegg er aktivitetsansvarleg også ansvarleg for at felles kontaktpunkt er reingjort/sterilisert mellom kvar trening. Dette er ein føresetnad for bruk av hallane. Garderobeanegg skal ikkje nyttast og vert avstengt.
     
  •  For Sotra Arena opnar ikkje speleflate 1 og 2 då desse er i bruk/grensar til pandemilegevakt. Speleflate 3 opnar som skildra over.
     
  • Gymnastikksalar knytt til skulane vert ikkje opna for aktivitetar etter skuletid frå måndag. Det er behov for noko meir tid til å vurdera samla bruksbehov og kapasitet på reinhald. Ein kjem tilbake med nærare informasjon i løpet av neste veke.
     
  • Ordning med streifevakt/tilsyn ute på anlegga vert no avvikla då det vert forventa at ansvarleg for aktivitet sjølv følgjer dette opp og generelt at ordningane er letta opp.

Bassenga er forventa opna frå 1. juni.

Her er koronavettreglar for dei ulike særforbunda.