Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna.
Opningstid kl. 08.00 til 15.00 alle dagar (mån-sun).
Her finn du oppdatert informasjon, råd og tiltak om koronaviruset i Øygarden kommune

Opnar eigen koronatelefon

Tysdag 15. september klokka 08.00 opnar eigen koronatelefon i Øygarden kommune. Det nye telefonnummeret er 56 16 00 10.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll. 

 

Ved behov for koronatest, spørsmål om karantene eller isolasjon eller andre spørsmål knytt til koronaviruset, kan ein nytta dette telefonnummeret.  Telefonen er open frå klokka 08.00 til 15.00 alle dagar, også laurdag og sundag.

Det er viktig å nytta koronatelefonen når ein skal tinga test. På den måten vert ikkje telefonkøen inn til Sotra legevakt unødvendig lang for dei som treng rask helsehjelp.

Dei som har behov for legetilsyn, skal ringja til legevakta på telefon 116 117.