Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Opna Pop-up-lokale i regi av Kreftforeningen

I dag var det offisiell opning av lokala til Kreftforeningen sentralt på Sartor Storsenter.
- Vi ønskjer at foreininga skal koma inn på vår flate, seier marknadssjef Hans Jarle Einarsen.

Frå venstre; prossjektleiar for Pop up, Lars Kristensen, ordførar Tom Georg Indrevik og marknadssjef på Sartor Storsenter, Hans Jarle Einarsen - Klikk for stort bileteFrå venstre; prossjektleiar for Pop-up, Lars Kristensen, ordførar Tom Georg Indrevik og marknadssjef på Sartor Storsenter, Hans Jarle Einarsen.  

Kreftforeningen har gratis tilgang til desse lokala fram til jul i første omgang. Hans Jarle Einarsen, som har opplevd kreft i nær familie, har engasjert seg for kreftsaka i mange år.

- I Krafttak mot kreft har vi samla inn over fem millionar kroner i løpet av 11 år, seier Einarsen som har engasjert seg i kreftsaka på ulike måtar. Døme på dette er å springa maraton til inntekt for kreftsaka.

Lokalet sentralt i Sartor Storsenter er ope i opningstida på senteret. Pop-up-lokalet til Kreftforeningen er bemanna tre dagar i veka, tysdag, torsdag og laurdag.

Rådgjevar i distriktskontoret i Bergen, Therese Skarlo, viser oss rundt i lokalet.

- Her kan du prøva deg på ein konkurranse der du ved å kasta ballar mot skjermen på veggen hjelpa immunforsvaret til å ta knekken på kreftceller. Medarbeidarar vil gje informasjon om kvar ein kan få hjelp. I lokalet er det også ein skjerm som kontinuerleg gjev aktuell informasjon, seier Skarlo.

Her er fleire bilete frå opninga:

Kreftkoordinator i Øygarden kommune, Inger Fosse, og ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Ella Bø Stenhård ogTherese Skarlo. - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Lars Kristensen, Tom Georg Indrevik, Hans Jarle Einarsen og Thomas Skålnes (senterdirektør). - Klikk for stort bilete