Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Opna amfi og minnesmerke

Bortimot hundre menneske hadde funne vegen til båthamna i Klokkarvik laurdag for å markera opning av amfi og minnesmerke.

Laurdag var det opning av amfi og minnesmerke på Klokkarvik. Frå venstre; Ivar Steinsland (tidlegare leiar i båtlaget), flaggmester Kristian Talleraas, ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i arrangementskomitéen, Jarle Sælensminde. - Klikk for stort bileteLaurdag var det opning av amfi og minnesmerke på Klokkarvik. Frå venstre; Ivar Steinsland (tidlegare leiar i båtlaget), flaggmester Kristian Talleraas, ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i arrangementskomitéen, Jarle Sælensminde.   

Leiar i komitéen for arrangementet, Jarle Sælensminde, heldt tale og gav tilbakeblikk på kva som skjedde då tyskarane hærtok Noreg den 9. april.  Shmundts eskadre nærma seg Bergen og skulle passera Læreøyosen.

- Fenrik Karl Sandnes om bord på mineleggjaren «Tyr» venta på ordre frå regjeringa, men den kom ikkje. Det var kommanderande Tank-Nielsen som gav ordre. Først vart sju miner lagt tvers over Lerøyosen, sa Sælensminde.

Det vart lagt ut fleire miner. Ettersom minene måtte liggja i sjøen ei stund, var det ingen av dei som eksploderte. Lerøy fort hadde to 65 millimeter kanoner og hjelpe Tyr» med minelegginga. Det norske militærfartøyet «Storm» deltok også, men dei norske styrkane hadde ingen sjanse mot tyskarane sine fartøy som gjekk langt raskare enn dei norske. Korkje mannskapet på «Storm», fortet eller miner kunne hindra tyskarane si ferd mot Bergen.

- Dette er ei påminning om hendinga og kor viktig dette sundet var. Freden er ikkje sjølvsagt. Minnesmerket som vert markert i dag, er ei mine med ein måke på toppen. Måken er klar til å letta. Dette symboliserer at vi må vera på vakt og klar til å dra av garde, sa Sælensminde.

Orlogskaptein Lasse Hiis Bergh forklarte at minene måtte liggja i vatnet i minst eín time før dei hadde ein effekt slik at dei kunne gå av.

- Forsvaret vil takka befolkninga her i Klokkarvik som har reist dette monumentet. Vi må ikkje ta freden for gitt, vi treng eit sterkt forsvar.

Toppen av minnesmerket er ein måke som symboliserer at vi må vera på vakt og klar til innsats - Klikk for stort bileteToppen av minnesmerket er ein måke som symboliserer at vi må vera på vakt og klar til innsats. 

Samarbeid

Realiseringa av amfiet, friområdet og minnesmerket er eit samarbeidsprosjekt mellom blant anna kystlaget, båtlaget og grendalaget. Sund kommune/Øygarden kommune har bidrege med finansiering. Båthamna, med plass til 50 båtar, er ein del av kaianlegget.

Sælensminde takka både tidlegare ordførar Arne Olav Nilsen og tidlegare rådmann Gerhard Inge Storebø som begge har gjort sitt til at ein har fått denne møteplassen og båthamn.

Ordførar Tom Georg Indrevik minna folk om at landet litt seinare på dagen var ferdig med smitteverntiltaka.

- Dette har vore det lengste året for landet sidan krigen. Dette vi ser i dag utgjer ein forskjell. Tenk deg sommarkonsert her og tenk på kva som er gjort for at menneske som normalt ikkje har høve til det, kan koma seg til sjøen. Når eg høyrde at tidlegare rådmann Gerhard Inge Storebø kunne ordna med formalitetar på rekordtid, vart eg freista til å tilby han jobb på rådhuset, sa ordføraren.

Vivian Steinsland og Ingrid Rokkan skapte ei flott ramme for arrangementet med song og framførte mellom anna Mitt heimstadland (Johannes Kleppevik) og Vår beste dag (Erik Bye).

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Ingrid Rokkan og Vivian Steinsland - Klikk for stort bilete
Leiar av båtlaget, Iver Wake, får blomar av ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Inge Ekerhovd, leiar i båtlaget - Klikk for stort bilete
KNM "Hitra" deltok også på markeringa. Her er skipet på veg nordover til neste markering denne dagen, på Rong der Jakob Strandheim i Shetlandsgjengen skulle heidrast. - Klikk for stort bilete
Vivian Steinsland - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Lasse Hiis Bergh - Klikk for stort bilete
Jarle Sælensminde - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Lasse Hiis Bergh og Ivar Steinsland. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete