Ønskjer plan for Skogsskiftet klar til september

Etter ein lengre debatt vedtok utval for plan i dag samrøystes å senda saka om kommunedelplan for Skogsskiftet tilbake til administrasjonen slik kommunedirektøren innstilte på.

Svein Otto Jacobsen var svært oppteken av å få kommunedelplan for Skogsskiftet klar for første gongs behandling. - Klikk for stort bileteUtvalsleiar Svein Otto Jacobsen (Frp) var svært oppteken av å få kommunedelplan for Skogsskiftet klar for første gongs behandling.   

Utvalet ønskjer at administrasjonen kjem med ein status eller løypemelding i det neste møtet i utvalet den 17. august med ønske om ferdigstilling og politisk behandling i møtet den 17. september.

Saka er lagt fram etter sterke politiske ønske. Utvalsleiar Svein Otto Jacobsen var oppteken av at det burde setjast ein dato for kva tid saka vert lagt fram til første gongs behandling. Etter gruppeleiarmøte, samla utvalet seg om eit forslag som altså fekk samrøystes tilslutnad.

I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at det er avdekt fleire moment i planen som ikkje er godt nok utgreidde. Han meinte difor at det var nødvendig å arbeida vidare med planen for å leggja til rette for ei meir heilskapleg utvikling av kommunedelsenteret.

Ruben Håvik i Arbeidarpartiet gjekk i utgangspunktet inn for innstillinga til kommunedirktøren om å senda saka tilbake til kommunedirektøren for å jobba vidare med problemstillingane som var løfta fram i saksutgreiinga. Saman med resten av utvale var han med på fellesframlegget - Klikk for stort bileteArbeidarpartiet, her representert ved Ruben Håvik, gjekk i utgangspunktet inn for innstillinga til kommunedirktøren om å senda saka tilbake til kommunedirektøren for å jobba vidare med problemstillingane som var løfta fram i saksutgreiinga. Saman med resten av utvalet røysta Arbeidarpartiet for fellesframlegget om å få saka tilbake med løypemelding i august og ønske om ferdigstilling til septembermøtet.  

 

 

 

 

 

 

 





Legg plan for Skulebakken, Knarrvika, ut til offentleg ettersyn

Utvalet vedtok å leggja detaljreguleringsplan for Skulebakken, Knarrvika, ut til offentleg ettersyn. Planområdet er på om lag 25 dekar og ligg i Knarrvika like nord for Sotrabrua. Formålet med planen er å leggja til rette for 33 bustadeiningar med vegar, gangvegar, parkeringsanlegg, uteopphaldsareal og leikeareal.

Den gamle skulen vest i planområdet skal takast vare på og gjerast om til leilegheiter, medan den tidlegare sjukeheimen i aust skal rivast slik at ein kan leggja til rette for eit nytt leilegheitsbygg. Det ligg også 10 eksisterande, frittliggjande bustader og ein eksisterande firemannsbustad innanfor planområdet.

Utvalet behandla fire klagesaker.

Tekst og foto: Vigleik Brekke