Ønskjer kandidatforslag til trafikktryggingsprisLytt til tekstenStopp avspillingVestland fylkeskommune deler kvart år ut ein trafikktryggingspris til nokon som har utmerka seg i trafikktryggingsarbeidet. Både personar, lag og organisasjonar kan få prisen; Trafikktryggingsprisen i Vestland 2020. Ill- Anders Aa Hagen, Trygg Trafikk No oppmodar fylkeskommunen folk til å senda inn forslag til kandidatar til prisen. Alle innbyggarar i fylket har høve til å koma med forslag innan fristen 19. oktober 2020. For å nominera må ein gå inn på nettsida til Vestland fylke. Der finn du skjema for innsending av kandidatforslag. Trafikktryggingsprisen er på 50 000 kr og det er trafikktryggingsutvalet i Vestland som avgjer kven som får prisen. Prisen vert delt ut på den årlege trafikktryggingskonferansen i Vestland. Med dette held Vestland fylke fram med tradisjonen frå Sogn og Fjordane og Hordaland med å heidra folk som utmerkar seg i trafikktryggingsarbeidet. Publisert14.10.2020 09.16 Sist endra14.10.2020 09.16