Aktuell informasjon

Ønskjer betre tilpassa busstilbod

Bussruter som passar til reisevegen, samhengjande bussruter og fleire bussavgangar er det viktigaste for innbyggjarane i Øygarden for at dei skal reisa meir kollektivt. Det viser ei reisevaneundersøking.
- Denne undersøkinga er viktig for oss når vi skal gjennomføra tiltak som skal redusera køen og gje betre trafikkflyt, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Trafikk på Straume - Klikk for stort bileteStraume. Ill.foto  

Dei førebelse resultata av ei reisevaneundersøking gjennomført i tida 10. til 24. juni ligg no føre. 1 106 personar deltok i undersøkinga som har som formål å gje innsikt i reisevanar og reisemønster og gje kunnskap om korleis ein kan redusera kø og endra reisevanar. Den endelege rapporten vert ferdigstilt etter sommaren. Undersøkinga er gjort blant innbyggjarar som er 13 år og eldre.

Undersøkinga viser at det er fleire årsaker til at folk ikkje i tilstrekkeleg grad nyttar kollektivtransport. I fritekstfelta skriv dei som svarte på undersøkinga at det tek for lang tid å reisa med buss og at busstilbodet ikkje passar med arbeidstidene. Også avstand mellom kollektivhaldeplass og bustad eller arbeidsplass vert peika på som årsaker til ikkje å nytta kollektivtransport.

Deltakarane i undersøkinga er spurt om kvifor dei køyrer bil til og frå jobb. Dei viktigaste årsakene til dette er dårleg kollektivtilbod, lang avstand og at ein skal henta/levera barn i skule eller barnehage.

Ikkje nøgde med busstilbodet

Undersøkinga viser at 64 prosent av dei som har svart på undersøkinga opplever busstilbodet som dårleg eller svært dårleg. Over 80 prosent av dei som bur utanfor hovudaksane for kollektivtransport opplever kollektivtilbodet som dårleg eller svært dårleg.

- Men ser vi nærare på tala, er nærare 80 prosent av dei reisande som bur på Straume godt eller svært godt nøgde med tilbodet. 54 prosent av dei som bur langs hovudaksane for kollektivtransport opplever også tilbodet som godt eller svært godt. Dei reisande gjer det klart at tilpassa busstilbod og samanhengande bussruter utan skifte er viktig for at folk skal reisa meir med buss til jobb og skule, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Andre viktige faktorar for å reisa meir med kollektivtransport er fleire bussavgangar, ekspresstilbod og innfartsparkering. Billegare kollektivtransport er ikkje blant dei viktigaste tiltaka for å reisa meir kollektivt.

I mai presenterte ordføraren tre aktuelle tiltak for å få bukt med bilkøen til og frå Øygarden. Det er føreslått prøveordning med gratis kollektivtransport, minibussystem og haldningskampanje.

Det er flest personar i alderen 35 til 44 som har svart på undersøkinga. Oppslutnaden har vore størt blant dei som bur på strekninga Knappskog – Kolltveit.

Halvparten skal til Bergenhus/Årstad

Undersøkinga viser fordeling av arbeidsreiser ut av Øygarden. 52 prosent av dei reisande har Bergenhus og Årstad som reisemål, medan knapt 50 prosent har Ytrebygda, Laksevåg, Fyllingsdalen, Åsane Arna og andre kommunar som reisemål. Nesten alle som har svart på undersøkinga, har tilgang til bil (95 prosent), medan 29 prosent opplyser at dei har tilgang til sykkel eller sparkesykkel.

Les fleire detaljar her. (PDF, 622 kB)


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland