Ønskjer å få vurdert gratis busstilbod

Formannskapet ber Miljøløftet vurdera gratis busstilbod i byggjefasen av nytt sotrasamband. Det vedtok formannskapet i samband med behandlinga av innspel til handlingsprogrammet for Miljøløftet 2024-2027.

Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) engasjerte seg sterkt i saka om handlingsprogrammet til Miljøløftet - Klikk for stort bileteMarianne Sandahl Bjorøy (Ap) engasjerte seg sterkt i saka om handlingsprogrammet til Miljøløftet.


I vedtaket heiter det at finansiering kan delvis skje ved omdisponering av program 30-midlar. Formannskapet slutta seg samrøystes til dette etter forslag frå Arbeidarpartiet.

Når det gjeld prioritering av konkrete prosjekt, vart det med seks (Høgre, Frp, KrF og Sotralista) mot fem røyster vedteke å følgja tilrådinga frå kommunedirektøren om å prioritera fem prosjekt slik:

            1. FV og KV Skogsskiftet sentrum
            2. FV 561/5244 Ågotnes kollektivterminal - Polleidet
            3. FV 5240 FV Arefjordvegen –Strekning 2 –Bru til Liljevatnet barnehage
            4. FV 5242 Vestsidevegen
            5. FV 560 Stranda -Sundvegen, Vorland - Forland

Mindretalet (Arbeidarpartiet, MDG og Senterpartiet) slutta seg til Arbeidarpartiet sitt forslag om å prioritera slik i handlingsprogrammet til Miljøløftet:

            - FV 5240 Arefjordsvegen – strekning 1
            - KV 1292 Bildøyvegen
            - FV og KV Skogsskiftet sentrum

Mobilitet og køproblematikk

Formannskapet tok innhaldet i saka til orientering og bed om at Kommunedirektøren kjem tilbake med ei eiga sak om innfartsparkering som følgjer opp tiltaka skissert i saksutgreiinga.

Formannskapet vedtok at i tillegg til lokaliseringane som er skisserte i saka, ber ein vurdera areal ved Tellnes Næringspark og areal vedrørande Ågotnes Senter når det gjeld innfartsparkering. Vidare skal det utarbeidast eit prosjekt i samarbeid med Vest Næringsråd og aktuelle aktørar i Straume-området med mål om å få i gang prøveprosjekt med minibussar frå første kvartal 2023. I dialog med Skyss skal ein avklara moglegheitene for å innføra tiltak for å auka kollektivdelen frå regionen der pris er eitt av elementa.

- I tillegg bør ein også vurdera prosjekt som Heim-jobb-heim etter modell frå Stavanger-området. Målet må vera at ein kan få på plass nye tiltak frå første kvartal 2023, heiter det i vedtaket.

Legg budsjett på høyring

Formannskapet tilrådde kommunedirektøren sitt forslag til budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026 slik det låg føre og vedtok å leggja det ut på høyring i 14 dagar.

Budsjettforslaga frå Arbeidarparitet, Høgre/Sotralista/ Frp/KrF/Venstre, Senterpartiet, Raudt og SV vart ikkje realitetsbehandla i møtet og vert såleis rekna som innspel til saka. Forslaga vil følgja saka fram til endeleg behandling i kommunestyret den 15. desember.

Formannskapet ber om at det til kommunestyret 15. desember vert lagt fram ei utgreiing som viser fordelar og ulemper med å omdanna Øygarden bustadforvaltning KF til eit Aksjeselskap. Utgreiinga må særleg belysa forhold til statlege tilskot og Husbanken.

Her kan ein lesa forslaga som følgjer saka.

Også framlegg til budsjett for Øygarden brann og redning KF, Øygarden næringsutvikling KF og Øygarden bustadutvikling KF går til endeleg behandling i kommunestyret i desember.

Økonomirapport

Formannskapet tilrår å ta økonomirapport for tredje kvartal til etterretning og gjennomføra budsjettendringar knytt til avdrag, eigedomsskatt og integreringstilskot.

Etter framlegg frå Nils Kåre Skoge tilrår formannskapet å be om at det vert presentert ei evaluering av sluttpakkane inkludert ei økonomisk- og stillingsoversikt.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Høgtidstilskot 

Formannskapet tok til orientering sak om høgtidstilskot til sosialhjelpsmottakarar 2022. Kommunedirektøren skriv i saka at basert på sterk prisauke innanfor fleire samfunnsområder, ser kommunedirektøren behov for å vidareføra ordninga frå dei to tidlegare år også for 2022.

Dette inneber at einslege får 1 590 kroner, medan par/ektefelle får 2 651 kroner.  Tilskot til familiar som har barn som har samvær med foreldra i jula er 900 kroner, medan satsen for barn utan samvær i jula er 450 kroner. Tilskotet er frå 2021 auka i samsvar med konsumprisindeksen.
 

Andre saker

  • Formannskapet tilrår framlegg til korrigert finans- og gjeldsreglement slik det ligg føre. Kommunestyret avgjer saka.
     
  • Det vart også teke til orientering sak om personopplysningar i klagesaker, praksisendring.
  • I saka om ordning med arbeidsoppmuntringspengar for opphald på arbeid og dagaktivitetstilbod, vart det vedteke at alle som deltek på dagtilbod knytt til både produksjonsretta og aktivitetsretta tiltak skal få arbeidsoppmuntringspengar gjeldande frå 1. januar 2023.


Tekst og foto: Vigleik Brekke