Offisiell opning av sykkelpark i Spildepollen

Laurdag kunne ordførar Tom Georg Indrevik klippa snora for å markera at Spildepollen sykkelpark var offisielt opna.
- Eit sterkt engasjement har gjort det mogleg å realisera dette på mindre enn to år, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Etter den offisielle opninga var det oppvisning. - Klikk for stort bileteEtter den offisielle opninga var det oppvisning. 

Som ein konsekvens av pandemien, vart opninga av sykkelparken (pumptrackbane) utsett. Mange møtte opp i godt og lagleg ver denne laurdagen for å vera med på at parken endeleg kunne få ei offisiell opning. Etter den offisielle opninga var det oppvisning av aktørar som hadde full kontroll over sykkelen.

Halvard Kallestad, som tidlegare i mai fekk overrekt frivilligprisen for april, smilte som ei sol då seniorrådgjevar Vardøy i Sparebanken Vest overrekte ein sjekk på 250 tusen kroner til sykkelparken. Det var også helsing frå Norges Cykleforbund.

Ordførar Tom Georg Indrevik rosar det store engasjementet for sykkelparken.

- Dette er eit nytt fritidstilbod for heile regioenen. Kim Dale Eide tok kontakt med meg for første gong hausten 2020, og no står vi her med eit ferdig anlegg. Takka vere lokale eldsjeler og godt samarbeid med kulturavdelinga, fylkeskommunen og mange lokale sponsorar, har dette blitt ein realitet, seier ordføraren.

Det er Glesnes ungdoms- og idrettslag som har bygd pumptrackbanen som ligg eit steinkast frå Spildepollen skule. Lokalt næringsliv har støtta prosjektet. I tillegg til pumptrackbane er det laga til hopplinje for dei som ønskjer å sveva litt ekstra på sykkelen.

Ordførar Tom Georg Indrevik stod for den offisielle opninga. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik stod for den offisielle opninga. 

Geir Iden i Norges Cykleforbund seier at eit slik anlegg er ein fantastisk stad der unge kan møtast både i formell og uformell aktivitet. 

- Dette skjer på ein trygg arena der sykkelen er i fokus eller er instrumentet. Eg vart ringt opp av ein rektor på vidaregåande skule i Bergen vest der ein elev sleit med skulen og hadde behov for fysisk aktivitet og helst sykkel. Då kunne eg snakka varmt om Spildepollen. Om berre ein ungdom finn vegen ut i livet gjennom slike anlegg, ser investeringa velluka, seier Iden

- Her er folk heile tida. Ein laurdag kan det vera innom tre til fem hundre personar på banen, seier fortalde Kim Dale Eide i ungdoms- og idrettslaget under mobilitetsveka i september i fjor.

Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå venstre; Kim Eide (Glesnes ungdoms- og idrettslag), Hallvard Kallestad (Glesnes ungdoms- og idrettslag), Inge Vardøy (Sparebanken Vest), Tom Georg Indrevik (ordførar), Lars Ola Blikkberg (Glesnes ungdoms- og idrettslag og Anders Helliesen (Glesnes ungdoms- og idrettslag). - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete