Offentleg ettersyn av planprogram for områderegulering Blomvåg vest - planID 20170001

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-2 og 12-8 vert planprogram og utvida plangrense for områderegulering for Blomvåg vest planID 20170001 lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter vedtak i Utval for drift og samfunnsutvikling 6. september 2018, sak 084/18.

Oppstart av planarbeidet vart i utgangspunktet varsla 12.10.2017, med frist for merknader 22.12.2017. Med denne utsendinga opnar Øygarden kommune for nye merknader knytt til revidert plangrense og planprogram for områderegulering Blomvåg vest.

Planområdet omfattar alt innanfor reguleringsgrensa som er vist på kartutsnittet. Formålet med planarbeidet er ei meir styrt utvikling av området Blomvåg vest. Det skal leggast til rette for ny gravplass, ny veg med gangfelt, bustadområder og grønstruktur.

Plangrensa inkluderer gjeldande reguleringsplanar:

  • Bårdslia bustadfelt (planid 20050002) - Veg, parkering og grønstruktur
  • Blomvåg gravplass (planid 19950003) - Gravplass, veg, parkering, grønstruktur
  • Småbåthamn Blomvåg (planid 20050001) - Veg

Størsteparten av området er styrt av kommuneplan for Øygarden (2014-2022). Arealformål her syner LNF, LNF spreidd bustad og gravplass. Det er krav til regulering av gravplass i Bårdalen.

Planområdet er om lag 190 daa. Det er krav om konsekvensutgreiing for planarbeidet. Planprogrammet skildrar i detalj kva tema som skal handsamast i konsekvensutgreiing. Vidare er intensjonane og måla med planarbeidet presentert i planprogrammet.

Planprogram og andre dokument i saka, er tilgjengelege på heimesida til Øygarden kommune.

Oversikt over saksdokumenta:

Saksframlegg (PDF, 2 MB)
Blomvåg vest - oppstartskart A4 pr 13.08.18 (PDF, 283 kB)
Blomvåg vest - plangrense pr 13.08.18 (PDF, 3 MB)
Blomvåg vest - planprogram - områderegulering med konsekvensutgreiing (PDF, 4 MB)

 

Merknader

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Øygarden kommune på ein av desse måtane:
Elektronisk skjema - høyringsfråsegn
E-post: postmottak@oygarden.kommune.no
Post: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Merknadsfrist 1. november 2018.

Plangrensa – utvida frå oppstartsmelding - Klikk for stort biletePlangrensa – utvida frå oppstartsmelding

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 11.09.2018
Fann du det du leita etter?