Nyttar statstilskot til vedlikehald

Formannskapet går inn for at Øygarden kommune nyttar ekstratilskot frå staten på 18 millionar kroner til vedlikehald av bygg og anlegg. Som eit tiltak knytt til koronaviruset, har regjeringa tilrådd ein aktivitetsdrivande tiltakspakke for kommunane.

Frå formannskapsmøtet i dag. På talarstolen; Maria Thomassen. På dirgentbordet; ordførar Tom Georg Indrevik (til venstre) og kommunedirektør Rune Lid. - Klikk for stort bileteFrå formannskapsmøtet i dag. På talarstolen; Maria Thomassen. På dirgentbordet; ordførar Tom Georg Indrevik (til venstre) og kommunedirektør Rune Lid. 

Konkret sluttar formannskapet seg til forslaget frå kommunedirektøren om å utbetra tak på Brattholmen skule. Det vert også tilrådd å gjennomføra rehabilitering ved Sund ungdomsskule, Sundheimen, Kolltveit skule, Ågotneshallen, Fjell ungdomsskule, Hjelteryggen skule, Ulveset skule, Ågotnes skule og Tednebakkane omsorgssenter. Resterande  midlar vert nytta inn mot kommunale vegar. Etter forslag frå fleirtalspartia går formannskapet inn for å pussa opp toalettfasilitetane ved Straume kultursal for 2,6 millionar kroner.

Ventar med å realitetsbehandla revidert budsjett

Det låg føre tre forslag til endring av revidert budsjett frå fleirtalspartia, Arbeidarpartiet og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar. Ordførar Tom Georg Indrevik fekk tilslutnad til at gruppene arbeider med dei ulike forslaga fram til endeleg behandling i kommunestyret den 18. juni.

Når det gjeld saka om revidert budsjett for 2020 går det fram at stenginga av samfunnet frå 13. mars har stor påverknad for kommuneøkonomien. Kommunen har fått kompensert 26,5 millionar kroner i rammetilskotet og fått eit ekstra skjønstilskot på 1,2 millionar kroner. Det er pr. dato rekneskapsført 10,5 millionar kroner i ekstrakostnader knytt til koronaviruset. I framlegget til budsjettendring føreslår kommunedirektøren å leggja inn 15 millionar kroner i direkte «koronakostnader».

Basert på prognosemodell til KS (fellesorganisasjon for kommunane) er det lagt inn til ein skattereduksjon på 50 millionar kroner som følgje av koronaviruset. Det er lagt inn auka rammetilskot på 35,8 millionar kroner og inntektsutjamning på 6,5 millionar kroner. For å koma i balanse er det mellom anna lagt inn redusert avsetnad til disposisjonsfond 46,3 millionar kroner og 25,3 millionar kroner i bruk av disposisjonsfond.

Totalt føreslår kommunedirektøren å flytta på 134,5 millionar kroner i saka om revidert budsjett.

Saka går altså til endeleg behandling i kommunestyret i neste veke.

Søkjer om midlar til breibandsutbygging

Formannskapet vedtok at kommunen skal søkja om tilskot til breibandsutbygging i ti område i kommunen. Saka vert endeleg avgjort i formannskapet. Dei områda som det vert søkt for er Bjelkarøyna, Eidesund, Flathomen, Risholmen, Førdesdalen, Hernar, Høylandssjøen, Laksen, Lerøyna, Sauøyna, Tveita og Skjoldepollen

Direktekostnader i samband med eventuell utbygging vert dekt over investeringsfondet med inntil kr 1,425 millionar kroner i 2021. Organisering av utbyggingsprosjekt kjem ein tilbake til ved eventuell positiv tilsegn på søknad.

Totalkostnaden er 4,9 millionar kroner. Det vert lagt til grunn at Nasjonal kommunikasjonsmynde dekkjer 75 prosent av kostnaden, det vil seia 3,75 millionar kroner.

Revidert budsjett 2020 Øygarden Bustadutvikling

Formannskapet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren om at det ikkje er behov for økonomiske overføringar til føretaket frå Øygarden kommune, utover det som omhandlar lønsmidlar og styregodgjersle. Ap fekk tilslutnad frå heile formannskapet om at styrehonorar til interimsstyret/styret skal setjast likt styrehonorar for Øygarden Brann- og redning KF. Saka går til behandling i kommunestyret.
 

Sommarjobb for ungdom

Formannskapet vedtok å gje ungdom tilbod om sommarjobb innanfor kostnadsramma i budsjett for 2020. I budsjettet er det sett av 730 tusen kroner.

Årsmeldingar

Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å godkjenna årsmeldinga og rekneskapen for dei tre kommunane for 2019 (Sund, Fjell og Øygarden). Også rekneskapen for Sund Eigedomsutvikling for 2019 vart tilrådd godkjend.

Garantiar

Formannskapet går inn for at kommunen garanterer med sølvskuldnarskuldnargaranti for lån på 67, 8 millionar kroner som ØyVAR AS skal nytta til refinansiering av eksisterande låneportefølgje.

Det vart også tilrådd å gje garanti med sjølvskuldnargaranti for lån på 35,2 millionar kroner som ØyVAR AS skal nytta til kjøp av miljøstasjon frå BIR.

Andre saker

Sak om framdrift digitalisering av kommunale søknadsprosessar vart teken til orientering.

Sak om elevkontingent Øygarden kulturskule våren 2020 vart utsett. Saka vert behandla i kommunestyret i neste veke.

Tekst og foto: Vigleik Brekke