Aktuell informasjon

Nytt kortilbud for dei yngste på Liljevatnet og Rong frå hausten

Øygarden kulturskulekor utvider sitt tilbud til yngre barn! Vi starter opp nytt barnekortilbod i Nordre Øygarden, og utvider samtidig med eit tilbod til dei yngste barna på Liljevatnet.

Øygarden kulturskulekor - Klikk for stort bilete

Øygarden kulturskulekor er eit livssynsnøytralt undervisningstilbod, og gjer at du no kan synga i kor i kulturskulen frå du er 4 til du er 19 år.

Innhald

Som medlem i koret får du utvikle songstemma di og du vil få rutine i alt som høyrer med i å synge i kor. Du får opptre på konsert i og utanfor kommunen.

Desse tilboda vil vera som ein del av Øygarden kulturskulekor.

Det betyr at ein i tillegg til kulturskulekontingent også betaler ein liten kontingent til kulturskulekoret.

Kvifor kor?

  • Å synga er å skapa noko med eiga stemme.
  • Å synga er å uttrykka seg.
  • Å synga i kor handlar om å skapa noko saman med andre. Her må ein ta omsyn til andre stemmer, lytta til andre og seg sjølv samstundes.
  • Å synga i kor er inkluderande og sosialt. I tillegg til å læra song, får ein sosial kompetanse på kjøpet.
  • Og kven veit? Kanskje får du som elev nye venner?

Undervisninga - Vi starter opp med tre grupper

  • Rong kulturhus på torsdagar:
    • Minikor 1 for 4 - 6 år
    • Minikor 2 for 1. - 3. klasse
  • Liljevatnet på tysdagar:
    • Minikor 2 for 1. - 3. klasse
  • Liljevatnet på onsdagar:
    • Resten av kulturskulekoret øver onsdagar, frå 3. trinn og opp til 3. VGS-trinn.

Klokkeslett vert nærmare annonsert, men det vil vera på ettermiddagar mellom kl. 16.30 og 18.30. Oppstart føreset at vi har nok påmeldte til å gjennomføra undervisninga.

Søk om elevplass

  1. Gå til heimesida vår Øygarden kulturskule - søk her 
  2. Velg «Øygarden kulturskulekor»
  3. Velg kva type kor de ønsker
  4. Trykk så på «legg i handlekurv», og gå videre med søkjarprosess.