Nytt frå Kommunestyret

Kommunestyrey 08112017 - Klikk for stort bilete Onsdag vart kommunestyret gjennomført før lunsj med både humor og fart! 

Rådmann Siri Fahlvik Pettersen - Klikk for stort bileteRådmann Siri Fahlvik Pettersen Rådmannen starta dagen med framlegg av forslag til budsjett for 2017 - Økonomiplan 2018 - 2021. Forslaget skal drøftast 15. og 16. november når politikarane samlast til budsjettkonferanse. Den endelge handsaminga skjer i Kommunestyret onsdag 13. desember.

Les heile framlegget her

Saker som vart handsama


Sak 063/17: Samarbeid  med Fjellvar A/S om tenester innan vatn, avlaup og renovasjon

Vatn, avlaup og renovasjon er viktige tenester for innbyggjarane, og kommunestyret gav rådmannen fullmakt til snarast å gjennomføre ei utgreiing som vurderer korleis eit samarbeid med Fjellvar AS om VAR tenestene bør organiserast. Utgreiinga skal inneha både ei vurdering av samarbeid gjennom avtale eller ved at Øygarden kommune går inn på eigarsida i Fjellvar AS.
I tillegg gav kommunestyret formannskapet fullmakt til å handsama saka når den er ferdig og velga kva type samarbeid ein skal ha med Fjellvar i framtida.

Les heile saka her.

Sak 64/17: Driftsform på kommunale idrettsanlegg inkludert nye Toftøy idrettsbane

Representantar frå Arbeidarpartiet og Høgre - Klikk for stort bileteRepresentantar frå Arbeidarpartiet og Høgre

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Når nye Toftøy idrettsanlegg skal takast i bruk, skal anlegget  ha ordinært kommunalt eigarskap. I vedtaket gav kommunestyret rådmannen i oppdrag å forhandle fram ein vedlikehalds- og tilsynsavtale med Øygarden idrettsråd som gjeld alle tre banene i kommunen med tilhøyrande garderobeanlegg. Avtalen skal vera gjeldande fram til kommunesamanslåinga og ha eit endepunkt  31.12.2019.Økonomiske konsekvensar må leggast inn i budsjettet for 2018.
Ei anna utfordring er korleis ein skal løysa eigarskap og kostnadar til maskin- og utstyrsparken. Dette må avklarast nærare før vedlikehaldsavtalen vert inngått.

Les heile saka her

065/17: Kjøpmannsvågen områdereguleringsplan - sak 16/925. PlanID 1259 2016 0003

Representantar frå TVØ, Ottar Vik nr 2 frå høgre - Klikk for stort bileteRepresentantar frå TVØ, Ottar Vik nr 2 frå høgre

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Leiar i Utval for Drift og Samfunnsutvikling, Ottar Vik (TVØ) orienterte om planen og planarbeidet. Det har vore både folkemøte og fleire møter med grunneigarane i tida det har vore arbeidd med planen.

Då saka vart handsam gjorde Øygarden kommunestyre vedtak om å godkjenne områdereguleringsplan for Kjøpmannsvågen, PlanID 1259 2016 0003 med tilhøyrande føresegner.

Denne godkjenninga gjeld følgjande:
Plankart med revisjonsdato 07.09.17
Føresegner sist revidert 07.09.17
Planskildring og ROS analyse datert 07.09.17

I tillegg kom frå Aud Karin Oen (SV) med følgjande protokollmerknad:
· "SV ønskjer ikkje utbygging av rorbuer i dette området. Dei som er oppført som naust, men vert brukt til hytter må rivast"

Innstillinga vart samrøystes vedteken i kommunestyret.

Les heile saka her

Glimt fra kommunestyret - Klikk for stort bileteGlimt fra kommunestyret

Publisert av Ingunn Teigen - Tekst Ingunn Teigen - Foto Iselin Jamne. Sist endra 16.11.2017
Fann du det du leita etter?