Nytt frå kommunestyret

God stemning trass ueinigheit - Klikk for stort bilete Det første møtet i Kommunestyret i Øygarden vart eit kort men innhaldsrikt møte, onsdag 15. februar.

Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteTom Georg Indrevik Informasjon:

Tom Georg Indrevik, varaordførar i Fjell og styreleiar i Gode sirklar, informerte om eit avgrensa og spissa fokus på prioriterte oppgåver for 2017 og åra framover. Mellom anna vert det stort fokus på å vera med på å bidra til utvikling av prosjekt som legg til rette for etablering av ny vidaregåande skule i kombinasjon med høgskuleutdanning.

Gode sirklar er delaktig i å etablera Grunderparken Vest i Sotra Kystby og skal ha oppfølging av Etablererforum Vest, som er samarbeidsfora for etablerertenesta i Servicetorga i kommunane.
Samarbeid med næringsliv, utvikling av nye arbeidsplassar/ omstillingsprosessar og forsking i samarbeid med NTNU er viktige oppgåver for framtida for Gode Sirklar.

Ordføraren ynskjer Per Helge Martinsen velkommen - Klikk for stort bileteOrdføraren ynskjer Per Helge Martinsen velkommen

Ny kommunalsjef

Kommunalsjef for stab, Per Helge Martinsen, vart ynskt velkommen til den nye arbeidsplassen av ordførar Børge Haugetun.

Saker:
Bompengefinansiering av Sotrasambandet

Kommunestyra i Fjell, Øygarden, Sund og Askøy vedtok i april 2016 Prinsippnotat om bompengefinansiering av Rv 555 Sotrasambandet. Det same gjorde Bergen bystyre og Hordaland fylkesting i juni same år. Felles for alle vedtaka var at ein var positiv til at Sotrasambandet skal delfinansierast med bompengar. På onsdag vart det fleirtal i kommunestyret då det vart røysta for at Sotrasambandet skal delfinansierast med bompengar. FrP stemte mot med 2 røyster og  SV med 1 røyst ( SAK 003/ 2017)

Frå v Espen Harkestad, AP,Ann Elin Dale AP, Silvia Haugland TVØ - Klikk for stort bileteFrå v Espen Harkestad, AP,Ann Elin Dale AP, Silvia Haugland TVØ Tilsetjing av rådmann/ prosjektleiar for etablering av den nye kommunenI Sak 004/17:

I arbeidet med å førebu samanslåing av Fjell, Sund og Øygarden til ein kommune, har dei tre kommunestyra etablert Førebuande fellesnemnd (FF), som er tillagt ansvaret med å førebu den innleiande delen av prosessen med å etablera den nye kommunen. Mandatet for gruppa vart vedteke i dei tre kommunestyra hausten 2016. Arbeidet med krav og prosess for tilsetjing av prosjektleiar/rådmann er starta i FFog sentralt i drøftingane har vore i kva grad ein skulle sjå denne funksjonen som ein «rein»/tidsavgrensa prosjektleiarfunksjon, eller i samanheng med funksjonen som framtidig rådmann i den nye storkommunen. Likeins drøfta FF sjølve tilsetjinga av vedkomande.
Kommunestyret vedtok ei løysing der stillinga vert utlyst som prosjektleiar med høve til å søkje stilling som rådmann i den nye kommunen. I tillegg utvida kommunestyret  mandatet til (FF) slik at dei også får ansvar for prosessen fram mot tilsetjing, og mynde til å gjennomføra sjølve tilsetjinga.

Samarbeid mellom Øygarden Idrettsråd og Øygarden kommune: (Sak 006/17)

Kommunen og idretten har eit felles mål om å skapa eit levande lokalsamfunn, der folk kjenner seg trygge, finn meining og trivsel. Formålet med samarbeidsavtalen som vart vedteken, er styrking av det naudsynte samspelet mellom Øygarden kommune og Øygarden idrettsråd. Avtalen skal bidra til klargjering av viktige prinsipp og gjensidige krav og forventningar.

Les alle dokument

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 20.02.2017
Fann du det du leita etter?