Nye visningstall frå Digitalarkivet

Digitalarkivet presenterer arkivmateriale i digital form. Du kan søkje i strukturerte data og digitaliserte fotografi, lese fulltekstavskrifter, bla i skanna bilete, sjå videoar og/eller høyre digitalisert lyd. Digitalarkivet er ope for alle og gratis å ta i bruk.

Møtebok - Klikk for stort bilete

Kvart år får kommunen tilsendt visningsstatistikk over talet visningar av materiale som er publisert til Digitalarkivet. Øygarden kommune har hatt 15293 visningar av digitalisert materiale.

Mest populær visning på Digitalarkivet frå Øygarden kommune er ein møteprotokoll for Formannskapet Fjell kommune i perioden 1838-1867. Her har det vore 751 visningar. 

Fjell, Sund, Herdla og Hjelme kommune er knytt til Øygarden kommune på digitalarkivet.

Ver merksam på at det berre er arkiv som er eldre enn 100 år som er publisert fritt.

Dei digitaliserte arkiva kan ein sjå her;
Søk etter skanna arkiver - Skanna arkiver - Arkivverket (digitalarkivet.no)