Nye millionar til næringslivet - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Nye millionar til næringslivet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har løyvd 3,5 millionar kroner til Øygarden kommune som skal fordelast til verksemder som er særleg ramma av pandemien. Fristen for å søkja er 30. september.

Ill.foto: Colourbo - Klikk for stort bileteIll.foto: Colourbox 

Ordninga skal gjera kommunane betre rusta til å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Dette gjeld særskilt støtte som kompenserer kostnader eller tap for lokale verksemder følgje av smitteverntiltak og/eller stenging og som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt så langt i 2021.

Lokale verksemder i alle bransjar, inkludert lag og organisasjonar, som er ramma av koronakrisa kan søkja om støtte.

Søknadene skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no. Der finn ein nærare informasjon om kriterium for å få støtte. Hovudkriterium for tildeling er fall i omsetnad og likviditetsutfordringar.

Les meir om kompensasjonsordninga til verksemder i Øygarden og søknadsskjema her.