Nye gebyr og brukarbetalingar frå 2019

illustrasjonsbilete, stabling av mynter - Klikk for stort bilete

Det er vedteke nye kommunale gebyr og brukarbetalingar gjeldande frå 01.01.19.

Fullstendig oversikt over gebyr og brukarbetalingar gjeldande frå 01.01.19 (PDF, 319 kB).

Gebyr og brukarbetalingar vart vedteke i kommunestyret 12.12.19.

Kommunen har fått nokre hendvendingar om storleiken på kommunale gebyr og kvifor desse har auka for 2019.

Det er kommunestyret som vedtek dei kommunale gebyra. Satsane for 2019 vart vedtekne i møte 12.12.2018 sak 089/18.

Berekning av gebyrsatsane for vatn, avlaupsreinsing, slamtømming og renovasjon vert gjort etter det såkalla sjølvkostprinsippet. Dette betyr at brukarane ikkje skal betale meir enn kostnadane kommunen har for å levere desse tenestene.

For 2019 har gebyret for vatn og offentleg avlaup auka. Vassgebyret har auka med 1107 kroner. Storparten av denne auken skuldast drifts- og kapitalkostnader knytt til at nye Blomvåg vassverk no er tatt i bruk.

Om lag 35% av husstandane i kommunen er knytt til offentleg avlaupsnett. Tidlegare år har kommunestyret vedteke ein gebyrsats som ikkje dekkjer kostnadane for denne tenesta dvs. at tenesta har vore subsidiert med nær 2,5 mill kr. For 2019 vart det vedteke at gebyret skal vera etter sjølvkostprinsippet og at brukarane av tenesta må betale det den kostar. Dette har medført at  gebyret er auka med kr 2332 til kr 8820.

Dei som har avlaupssystem med privat slamavskillar vert ikkje fakturert for dette i 2019. Bakgrunn for dette er at tidlegare innbetalingar dekkjer forventa utgifter til dette området  dette året.

Gebyrsatsen for renovasjon er og justert ned med kr 541 til 2749.

Som eksempel kan det visast samla gebyr for dei to mest vanlege gebyrgruppene:

  • Bustad knytt til offentleg avlaup: Samla årleg gebyr kr 18016 -  auke på kr 2898 frå 2018
  • Bustad med privat slamavskillar: Samla årleg gebyr kr 9196 - ein reduksjon på kr 1029 frå 2018

Det vil vera variasjonar over gebyrstorleik nemnt i døme over avhengig av om ein har heimekompostering, har privat minireinseanlegg, privat slamavskillar men er knytt til offentleg utsleppsleidning osv.

Vi minner elles om at gebyr for feie og tilsyn vert sendt ut som eigen faktura i 2019 der og siste kvartal for 2018 er inkludert.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 18.03.2019
Fann du det du leita etter?