Aktuell informasjon

Ny sjef for innbyggartorg og bibliotek

Yngvild Marie Wiese (39) blir ny sjef for innbyggartorg og bibliotek i Øygarden. Ho kjem frå stillinga som verksemdsleiar for bibliotek og kino i Ullensvang. Ho har også vore høgskulelektor og stipendiat ved universitetet i Tromsø samt vore biblioteksjef i Sørfold.

Yngvild Wiese - Klikk for stort bileteYngvild Wiese

Kenneth Sangolt, stabsleiar for service, er glad for at Yngvild har takka ja til nye oppgåver i  Øygarden. - Frå jobben i Hardanger har ho erfaring med samarbeid på tvers med både servicetorg og turistinformasjon. Ho er ein moderne biblioteksjef som medan anna vil setja spel- og spelkultur på kartet. 

Wiese tek til i stillinga i oktober 2022.


Foto: Inga Øygard Jaastad/Hardanger Folkeblad