Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

Ny samtalegruppe for ungdom med demens i familien

Samtalegruppe for ungdom mellom 15 og 30 år vert arrangert i regi av Kompetansesenter for demens. Det er fortløpande påmelding og oppstart når det er nok påmelde.

Ill. foto - Klikk for stort bileteIll. foto Martin Lundsvoll, Aldring og helse  

Å oppleva at mor eller far får demens vil ofte innebera bekymringar for framtida og gje auka omsorgsoppgåver. Det kan vera vanskeleg å møta krav til skulegang og ha tid til å vera ung. Mange isolerer seg, kan oppleva skuld og har dårlig samvit.

Å møta andre i same situasjon, kan vera ei støtte gje høve til å snakka med fagpersonar og å dela tips og erfaringar.

Samtalegruppa går over seks samlingar på 1,5 timar på ettermiddagar frå klokka 17.00 til 18.30. Gruppa møtest i Bergen sentrum.

Påmelding til Kompetansesenter for demens:

Telefon: 53 03 29 75

E-post: demens@bergen.kommune.no

Send melding på Facebooksiden: Kompetansesenter for demens