Ny ordning - Søk om tilskot til integreringsarbeid

Her kan frivillige organisasjonar søke om prosjektstøtte og driftstilskot til integreringsarbeid. Øygarden kommune forvaltar dette tilskotet på vegne av integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).

Om ordningane

Øygarden kommune forvaltar desse tilskota til lokale aktivitetar på vegne av IMDI. Hovudmål med tilskotsordningane er å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant innvandrarar og deira born. Målgruppa for ordningane er innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og andre befolkninga elles.

Kven kan søkje?

Denne tilskotsordninga gjeld alle typar frivillige organisasjonar som ynskjer å setje fokus på integrering som del av sin aktivitet i Øygarden kommune.

Organisasjonen må vera registrert i Frivilligheitsregisteret, og ha hovudandelen av sine medlemmar i Øygarden kommune.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for tilskot til integreringsarbeid er 1. juni, tilsagn/avslag kjem ca. 1. juli.

Ordningar:


Enkelttiltak og/eller prosjekt til integreringsarbeid

Frivillige organisasjonar kan få støtte til aktivitetar og tiltak som fremjar integrering mellom majoritets- og minoritetsbefolkninga i kommunen, og som bidrar til å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant innvandrar og deira born.

Prosjekt/tiltaksstøtte kan ikkje brukast til generell drift av organisasjon.

Ein kan søkje støtte til eitt eller fleire prosjekt i følgande ordningar:

Del A

Prosjekt som bidreg til fellesskap, tillit og tilhøyrsle i lokalsamfunn for innvandrarar og befolkninga elles, og motvirke utanforskap, derunder arbeid mot rasisme og diskriminering og for mangfald i lokalsamfunn.

Det blir gitt støtte til  prosjekt og tiltak som bidreg til auka frivillig aktivitet i lokalsamfunn, og til felles møteplassar mellom majoritetsbefolkninga og innvandrargrupper.

Vidare støttast aktivitetar, arrangement og møteplassar som bidreg til å til å motvirke fordommar, hat, rasisme og diskriminering. Tiltak skal vera direkte retta mot målgruppa og stimulere til samarbeid og dialog på tvers av grupper og tru- og livssyn, og skape fellesskap som gjer grobotn for respekt, kunnskap og forståing.

DEL B

Prosjekt som aukar innvandrarars moglegheiter for deltaking i arbeid eller utdanning, gjer auka kunnskap om det norske samfunnet, betre norskferdigheiter, og styrkar kvalifisering for arbeid eller utdanning blant innvandrarar.

Dette kan vera  gjennom norsktrening, arbeidsretta tiltak, og kunnskap om det norske samfunnet. Det kan bl.a. gis støtte til informasjonstiltak om lovar og reglar (rettigheiter og plikter i arbeidslivet, anskaffing av bustad m.m.), offentlege tenester (helse, barnevern, barnehage m.m.) og lokalt frivillig organisasjonsliv. Det kan også gis støtte til tiltak som styrkar den enkelte sine grunnleggjande ferdigheiter, derunder munnlege ferdigheiter, å kunne skrive, å kunne lese, å kunne rekne og digitale ferdigheiter.

Det gis også støtte til tiltak med formål å rekruttere og inkludere innvandrarar i frivillige aktivitetar, som medlemmer, tilsette og tillitsvalte i lokale organisasjonar. 

DEL C

Prosjekt som førebyggjer negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting, og styrkar likestilling mellom kjønna. 

Kor myke kan ein søke om?

Ein kan søke om full eller delvis støtte til et tiltak. Minimumssum per enkelttiltak er kr 10 000.

Foreininga kan søke støtte til fleire prosjekt. Eitt prosjekt per søknad. For tildelingar over kr 100 000 til ein foreining, krevjast det revisorrapport.

Søknadsskjema

Søknad om enkelttiltak/prosjekt til integreringsarbeid


Driftstilskot

Kommunen kan også gje støtte til drift av lokale innvandrarorganisasjonar.  
Tildelinga av støtte baserer seg på kor mange betalande medlemmer organisasjonen har, det vil sei medlemmar som har betalt medlemskontingent via bank til organisasjonen sin konto. Organisasjonane må leggje frem medlemsliste ved søknad. 

Det må vera minimum 20 medlemar. 

Satsar for tildeling av driftstilskot:

  • under 30 medlemar: 25 000 kr
  • mellom 30 og 80 medlemar: 50 000 kr

Søknadsskjema

Søknad om driftstilskot for invandrarorganisasjonar til integreringsarbeid


Kontakt

Ta kontakt på frivillig@oygarden.kommune.no hvis du har spørsmål om ordninga.