Ny kommuneapp gjev oppdatert trafikkinfo

Fredag 8. november lanserte Øygarden kommune ein ny og gratis app som mellom anna gjev deg oppdatert informasjon om trafikkflyten på 10 strekningar. Til no har 9 450 personar lasta ned appen.

Ny innbyggarapp frå Øygarden kommune - Klikk for stort bilete

Last ned appen

Appen kan du lasta ned i App Store (iPhone) eller Google Play (Android).

- Vi håpar at flest mogleg lastar ned appen. Dette vert eit viktig bidrag i arbeidet med å sikra god trafikkflyt, seier kommunedirektør Johnny Breivik.

Viser også trafikk internt i kommunen

I tillegg til å visa trafikksituasjonen på riksveg 555, viser appen også fylkesvegstrekningane Ågotnes – Kolltveit og Skogsskiftet – Kolltveit og den den kommunale vegen over Straume.

- For å koma oss gjennom anleggsperioden på Sotrasambandet er vi avhengig av at dei som ikkje må køyra med privatbil i rushtida, utset reisa, avstår frå reisa eller reiser kollektivt, seier prosjektleiar i God trafikkflyt Nina F Klepsvik. Appen er ein av fleire tiltak som kommunestyret vedtok i juni 2024.

Trafikksituasjonen i appen blir vist med data frå Statens vegvesen og Google Traffic. Appen er gratis å lasta ned, lett å bruka og krev inga registrering.  

Siste nytt og inngangsport til kommunale tenester

Men den nye appen gjev ikkje berre informasjon om korleis trafikken flyt og korleis vi på andre måtar kan bidra til mindre kø på vegane. 

Denne appen skal også gje innbyggjarane og andre interesserte kjennskap til dei mange tenestene som Øygarden kommune tilbyr.

- Med denne appen får du også siste nytt frå kommunen, oversikt over aktuelle aktivitetar og korleis du kan ta kontakt med kommunen, seier kommunedirektøren.

Dei ulike tenestene er presentert alfabetisk og er lenkja opp til nettsida som gjev informasjon om det du er på jakt etter.