Ny båtrute mellom Hellesøy og Fedje

Båtrute Hellesøy Fedje.png - Klikk for stort bilete

I perioden 21. juni tom 19. august vil ei ny båtrute mellom Hellesøy og Fedje gå kvar onsdag og laurdag. Tilbodet er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Øygarden, Fedje og Austrheim som saman med Hordaland fylkeskommune finansierer drift av ruta.

Det har lenge vore eit ønskje å knyte øyriket i vest tettare saman med offentleg transport og årets sommarrute er eit forsøk på å tilby dette, og gjere rundturar i kystregionen meir tilgjengeleg både for lokalbefolkninga og for tilreisande. Dette er også eit flott tilbod til turistar som ønskjer å sjå den flotte skjærgarden vi har her vest. Totalt vil det bli gjort 18 rundturar denne sommaren.

Kart båtrute Hellesøy - Fedje.png - Klikk for stort bilete Båtruta er lagt opp slik at den korresponderer med busstilbodet mellom Hellesøy i Øygarden og Bergen. Dermed kan turen gjerast som ein dagstur/rundtur der ein får oppleve ein spennande kystregion som er lite brukt og som byr på flotte naturopplevingar, aktivitetsmuligheter og kystkultur. På Fedje vil ein kunne oppleve "landsbyen i havet" i løpet av 2-3 timar før turen går tilbake til Hellesøy, eller ved at ein tek ferga til Sævrøy og buss tilbake til Bergen gjennom vakre Austrheim og Lindås.

GulenSkyss AS gjennomfører båtruta med båten "MS Øyrosa" som har plass til 47 passasjerer og god uteplass til dei reisande. Dersom ein tek rundturen på sykkel kan ein også ta denne med på båten.

 

Meir informasjon om turen, prisar og rutetider

Brosjyre - Meir informasjon, prisar og rutetider (PDF, 6 MB)

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 23.06.2017
Fann du det du leita etter?