Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Nokre grupper kan ta korona hurtigtest heime

Frå og med 28. september er det mogleg å henta korona hurtigtestar på innbyggjartorgservice/biblioteka på Straume, i Skogsskiftet og på Rong. Det er også mogleg å få utlevert hurtigtestar på teststasjonen ved Sotra Arena.

Ill.

Dei sentrale styresmaktene har bedt kommunane om å leggja til retta for at utvalde grupper skal kunna ta koronatest (hurtigtest) heime. Dette er ein av konsekvensane av at det no er innført «normal kvardag med auka beredskap» og nedjustert TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene).

- Dette tilbodet gjeld for personar som har symptom på koronasjukdom og husstandsmedlemer eller tilsvarande nære til koronasmitta personar. Også andre nærkontaktar til smitta vert bedne om å ta hurtigtest heime. Hugs at dei som er sjuke ikkje skal møta opp på innbyggjarservice/biblioteka. Dei må henta hurtigtesten på teststasjonen eller få andre til å henta testen, seier assisterande smittevernlege Bjørg Møllerløkken.

Les meir om kven som kan ta koronatest heime

Hurtigtestar

Hurtigtestar kan hentast i testteltet ved Sotra Arena mellom klokka 08.15 og 09.15, og frå klokka 13 til 14.30 alle dagar. Ein treng ikkje tinga time. Ein kan også henta hurtigtestar måndag til fredag mellom klokka 10.00 – 16.00 på innbyggjarservice/bibliotek på Sartor Storsenter, Sund Senter og Rong Senter. Her kan ein berre henta hurtigtestar dersom ein ikkje har symptom på sjukdom, og ikkje er i isolasjon.

Her kan du lesa om korleis du skal gå fram dersom du får positiv hurtigtest