No skal vi utforma framtidas regionsenter

- Målet er å skapa eit levande sentrum på Straume der det er godt å bu og vera. Det seier assisterande kommunalsjef i Kultur og samfunn, Rune Landro, nokre dagar før oppstartsmøtet for parallelloppdrag Straume den 23. november.

Rune Landro framfor Stovevatnet som skal fyllast igjen. - Klikk for stort bileteRune Landro framfor Stovevatnet som skal fyllast igjen.


Den nye riksvegen skal gå i tunell under Straume. Som ein konsekvens av dette skal Stovevatnet fyllast igjen og hevast opp til omkringliggande terreng. Dermed vert handlesenterområdet kopla saman med rådhus- og helseområdet på Straume utan ein riksveg som barriere.

- Stovevatnet-området vert dermed eit nytt jomfrueleg areal, med ei sentral plassering på Straume. Viktige føresetnader for parallelloppdraget er vedtak om bygging av nytt sotrasamband, etablering av ny vidaregåande skule og flytting av kollektivterminal til Stovevatnet. I eit samspel mellom offentlege og private aktørar skal vi utvikla attraktivt sentrumsområde, seier Rune Landro.

Parallelloppdrag til to arkitektfirma

18 arkitektaktørar melde seg i konkurransen om å utvikla idear for Stovevatnet-området. Ideane skal brukast fritt når kommunen skal utarbeida planen for området.

NORD Architecture AS og Vill Arkitektur AS peika seg ut. Desse får kvar sine 550 tusen kroner for å utarbeida idear for området. Ideane skal vera på plass til mars 2023 og skal presenterast på eit sluttseminar og i ei offentleg utstilling.

- Vi valde desse arkitektteama fordi dei har ei spennande og fagleg samansetjing og viser ei svært god tilnærming til oppgåva dei skal gjennomføra. Dei har mellom anna god kompetanse innan mobilitet, klima og trafikkplanlegging, seier Landro.

Honoraret til arkitektteama på 1,1 million kroner vert betalt av fem grunneigarar på Straume; Sartor Holding, Lie gruppen, Brødrene Ulveseth, Straume Bensin og Sartor & Drange.

- I kva grad vil folk flest kunna påverka utviklinga på Straume?

- Vi arbeider for at folk skal ha reell medverknad. Onsdag kveld (23. november) klokka 19.00 er det invitert til ope kveldsmøte i kultursalen i Straume rådhus på Straume. Møtet er ope for alle interessert, og vi ønskjer at enkeltpersonar, lag, organisasjonar, velforeiningar, burettslag, næringslivet og andre aktørar kjem på møtet. Innspel denne kvelden er viktige for arkitektane som skal utarbeida kreative idear for bruk av dette svært attraktive området, seier Rune Landro.

I forkant av det opne møtet om kvelden er det internt oppstartmøte med synfaring, presentasjon av parallellprosjektet og drøfting av viktige tema i oppdraget. Møtet vert gjennomført i samarbeid med Norske arkitekters landsforbund (NAL).


Tekst og foto: Vigleik Brekke