Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

No kan du lesa den nære historia til Fjell

Det var historisk på alle måtar då det tysdag kveld var bokslepp for det sjuande og siste bandet av Fjell bygdebok «Nærare byen».  Dette bandet er allmennhistoria for perioden frå 1910 fram til og med 2019.

Forfattarane av Fjell bygdebok, band VII, Halvor Skurtveit (til venstr) og Gaute Losnegård. - Klikk for stort bileteForfattarane av Fjell bygdebok, band VII, Halvor Skurtveit (til venstre) og Gaute Losnegård.  

Forfattarane Halvor Skurtveit og Gaute Losnegård gler seg over at dei kan få presentert boka i forkant av julehøgtida. Det siste bandet vil nok liggja under mange juletre i Fjell på julekvelden. Boka kan kjøpast hjå lokale bokhandlarar og på innbyggjartorga/biblioteka i Skogsskiftet, på Rong og på Straume.

Koronaepidemien gjorde sitt til at det denne gongen vart digitalt bokslepp der forfattarar, leiar av bygdeboknemnda, Atle Justad, den siste ordføraren i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, og ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik var på plass. Justad fekk æra av å overlevera bokverket til Marianne Sandahl Bjorøy og Tom Georg Indrevik.

Atle Justad har leia bygdeboknemnda frå første dag og har følgd den lange arbeidsbolken frå førebuinga til første band i 1996 til det sjuande og siste bandet no i 2020. Ifølgje Halvor Skurtveit vart tanken om bygdebok for Fjell unnfanga i 1984. Ingen vågar å seia nøyaktig kor mykje dette har kosta, men totalt har nok Fjell kommune spandert eit par titals millionar kroner på dei sju bygdebøkene.

Stolte mottakarar av bygdeboka; ordførar Tom Georg Indrevik og siste ordførraren i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy. - Klikk for stort bileteStolte mottakarar av bygdeboka; ordførar Tom Georg Indrevik og den siste ordføraren i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy.  

Kommunal støtte

Atle Justad viste til at bøkene er godt fagleg forankra med viktige bidrag frå mellom anna Universitetet i Bergen. Han takka begge forfattarane for det flotte resultatet. Gudveig Lillebø fekk takk for korrekturlesing.

- Halvor Skurtveit har gjort ein kjempejobb og medverka i seks av dei sju banda. Og i 2019 fekk bygdeboknemnda kulturprisen i Fjell, minna Atle Justad om. Han takka også tre fjellrådmenn og alle kommunestyremedlemene som har støtta opp om arbeidet i alle desse åra. Justad håpar at boka vert å finna i mange heimar.

Den siste ordføraren i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, sa at det skal verta interessant å lesa om utviklinga i Fjell heilt fram til i dag.

- Eg vil nytta høvet til å takka alle som har vore med på dette. Det er stas å vera den siste ordføraren som fekk vera med å ta imot dette verket, sa Sandahl Bjorøy.

Ordføraren i den nye kommunen, Tom Georg Indrevik håpte at mange ville kjøpa boka.

- Dette vert årets julegåve her ute. Dette er god lesing uansett kvar i dei tre gamle kommunane du kjem frå, sa ordføraren.

Halvor Skurtveit tok til med bygdebokskriving i Fjell i 1998 og har vore delaktig i seks av dei sju banda. Det er skrive tre band med allmennhistorie og fire band med gards- og slektshistorie.

Det siste bandet omhandlar dei enorme endringane i levekåra og folkekulturen. Den første delen av 1900-talet levde folk i Fjell i stor grad som fiskarbønder, men industrireising og kommunikasjon førte til store endringar. Fjellsamfunnet har naturleg nok vore prega av at kommunen er nabo til den største byen på Vestlandet. Etter at Sotrabrua vart open for trafikk i slutten av 1971, opplevde Fjell ein formidabel folkevekst frå om lag sju tusen til 26 350 ved utgangen av 2019.

Boka startar med eit intervju med 100 år gamle Rakel Bjorøy som dermed har opplevd det aller meste av utviklinga mellom 1910 og 2019. Ho var mellom dei realtivt få som tok høgare utdanning og var yrkesaktiv utanom heim og gardsbruk. Då foreldra til Rakel gifta seg i 1910, var folketalet om lag 3 700. I dag er folketalet meir enn sjudobla.

På omslaget til boka er det bilete av ferja Sandsfjord som ligg til kai. Ferja gjekk mellom Alvøen og Brattholmen og illustrerer kor viktig samferdsle og kommunikasjon har vore for Fjell-samfunnet. Her gjekk det ferje frå 1935 til 1971 då Sotrabrua vart opna for trafikk.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Marianne Sandahl Bjorøy, Atle Justad, Gaute Losnegård og Halvor Skurtveit. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Tom Georg Indrevik, Marianne Sandahl Bjorøy, Atle Justad, Gaute Losnegård og Halvor Skurtveit. 

Første del av 1900-talet

Halvor Skurtveit har skrive allmennhistoria fram til 1960. Han fortel at 1920 og 1930-talet var ein krevjande periode for fjellsamfunnet, også for kommunen.

- Mange innbyggjarar bad om utsetjing eller sletting av skattegjeld. Kommunen hadde lånt mykje pengar og sleit med nedbetalinga. Det var også arbeidsløyse i industriområdet Knarrvika, seier Skurtveit. Kring 1920 budde det 750 personar i Knarrvika. Folketalet i bygda sokk kraftig i åra som følgde.

Sjølv om det var ganske tronge kår, var det nokre som bygde seg opp.

- Eit døme på det er fiskebåtreiar og bas Hans O. Vindenes. Han opplevde ei storheitstid i perioden frå 1930 til 1960, fortel bygdebokforfattaren.

Fjell var prega av fiskarbonden fram mot 1960-70-talet. Etter 1970 er det svært få som har kombinert jordbruk og fiske. På 1800-talet var det for det meste «intern flytting» i regionen mellom Fjell og nabokommunar som Herdla og Sund. Ein del reiste til Amerika. Frå 1920 vart det meir flytting til Bergen. Jamt over var det svak folkevekst fram til 1970-talet då folkeveksten nærast eksploderte. Sjølv om helse og omsorgstilbodet i Fjell har skote særleg fart etter 1980, vart det også utvikling av helsetilbodet den første delen av 1900-talet. På 1900-talet tok også bergensarane Sotra og Øygarden i bruk til rekreasjon og det var stor vekst i bygging av hytter.

Bygdeboka handlar om fiskarbondesamfunnet, samferdsle og industrireising, men også om klassekonflikt i Knarrvika og konflikt mellom bedehusrørsla og det frilynte lagsarbeidet. Den første delen av 1900-talet var ein vekstperiode for lekmannskristendomen. Det vart skipa mange misjonsforeiningar, og mange bedehus vart bygde. Det første bedehuset vart bygd på Landro i 1906. Tida etter 1960 var ei svekking av bedehuskulturen, men samstundes er arbeidet omorganisert og etablert med indremisjonssenter på Straume. Fråhaldsarbeid stod også sterkt i Fjell. Også kyrkja har hatt og har ein sterk posisjon i Fjell.

Noregsrekord

Gaute Losnegård har teke for seg allmennhistora frå 1960 fram til i dag. Han oppdaga raskt ein noregsrekord.

- Frå 1970 til no har Fjell hatt den største relative folketalsveksten i landet. Sotrabrua, som vart teken i bruk i slutten av 1971, opna for etablering av mange nye bustadfelt, ikkje minst på Litlesotra. Sotra og Øygarden vart innlemma i storbyregionen og ein fekk ein felles arbeidsmarknad med pendling begge vegar. Uansett har Fjell vore prega av at kommunen ein nabo til storbyen Bergen, seier Losnegård. 

Dette har også gjort sitt utslag kulturelt og språkleg. I boka vert det vist til at nynorskdelen i skulen har gått jamt og trutt nedover, samstundes som det politisk har vore klar vilje til å halda på det nynorske skriftspråket. Det er også gjennomført fleire språkprosjekt for å støtta opp om dette språkpolitiske målet.

Tida etter 1960 var også prega av kraftig vekst i næringslivet. Dette gjaldt særleg på Ågotnes der Namtvedt etablerte seg tidleg på 70-talet.

- Dette er ein industri som er konjunkturavhengig og er prega av svingingane internasjonalt, seier Losnegård.

Den store veksten i arbeidsplassar på Sotra og Øygarden førte etter kvart til at det vart nesten like mykje pendling frå Bergen til Sotra og Øygarden som frå denne regionen til Bergen.

Fjell bygdebok, band VII, «Nærare byen» er altså å få kjøpt på innbyggjartorga/biblioteka i Øygarden og hjå lokale bokhandlarar.

Her kan du sjå den digitale boklanseringa av Fjell bygdebok, band VII.
Opptak og redigering v/ Svein Ekrem.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå boklanseringa:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Her er alle sju banda samla på eitt bord. - Klikk for stort bilete